Rekord-deltaking på Vinter-Karusellen 2021

Det har vore ei heilt fantastisk bra deltaking i Vinter-Karusellen 2021 i år. O-laget har i år hatt 6 gate-O-løp, der dei unge får deltakarpremie for å ha delteke 2 eller fleire gonger. Nytt av året var at den første Vinter-O-Karusellen blei laga til som eit ordinært nattløp, i skogen. Det gav meirsmak og blei ein flott start på årets Vinter-Karusell.

Mange unge med i Vinter-Karusellen
Snautt 80 ulike personer har vore med 1 eller fleire gonger på trenings-O-løpa i år. Det er ein solid rekord, og me må sannsynlegvis heilt tilbake til 80-talet for å finne tilsvarande deltakar-antal. Fantastisk!
Ekstra gledeleg er det at også mange barn og unge deltek, gjerne saman med dei dei vaksne i familine. Heile 29 av snautt 80 løparar er barn og ungdom mellom 4-16 år!
Mange av dei unge er også med i Suldal IL Skigruppa. Det gir ein vinn-vinn gevinst, og god alternativ trening for unge langrennstalent!

I kortløypa er alle vinnarar. Og svært mange av dei unge som har vore med i år får ein deltakarpremie. Denne blir delt ut på 2. kurskveld i orientering. Kortløypa har i år vore den løype med størst deltaking. Spesielt når me tek med dei vaksne som er registrert på Trim.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Stor deltaking også i Mellom-løypa
I mellom og Lang-løypa har me eit poengsystem som til slutt gir ein samanlagt-score basert på dei 4 beste resultata til kvar deltakar. Me brukar det same systemet som Rogaland O-krets på sine ranking-kretsløp.
På den første sida i samanlagt lista kan du sjå poengsystemet.

Mellom-løypa er litt kortare og har noko enklare orientering enn den lengste løypa, men mange av postane er likevel dei same. Her finn me både unge og dei godt vaksne i klubben. Og dei unge gjer det skarpt i konkurranse med dei eldre, men godt erfarne O-løparane. Her me met rekkje fram nr 1 og 2 på resultatlista, Marte krogh og Ella Tjøstheim. Begge har etter kvart fått god teft for å lese kart, og løpskapasiteten er heilt enorm på begge to

Topp tri i Mellom-løypa:
1. Marte Krogh
2. Ella Tjøstheim
3. Marit Eikeland

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Solid deltaking i Lang-løypa
Fleire av gate-O-løpa har i år også gått litt i skogsterreng. Det blir dermed ekstra vanskeleg orientering i mørket, og O-teknikken blir verkeleg sett på prøve i skogen på natta. Tom Steinar Nærheim vann samanlagt i denne løpya. Han er også den einaste som har løpt alle 6 Gate-karusellane. Me vil også framheve Daniel Bakka. Trass sin unge alder har han prøvd seg i lang-løypa i fleira av løpa. Litt bomming har det nok vore, men han kaprer 3. plassen i denne løypa, som er svært sterkt.

Topp tri i Lang-løypa:
1. Tom Steinar Nærheim
2. Jan Erik Kristensen
3. Daniel Bakka

Alt klart for Kurs i Orientering
Grunna smittevernet har styret i O-laget funn det best å la 1. kurskvelden vere sjølbetjente løyper. I neste veke 15, frå måndag 12. april til søndag 18. april, Løypene går i Brakåsen, og har start og mål ved den gamle lavvuen i Medhushaugen på Suldalsosen. Her kan alle som ønskjer det, prøve seg i to ulike kurs-løyper. Meir om dette kjem i neste artikkel.

Her finn du heile samanlagt lista i PDF-format
Me i styret takkar alle som har vore arrangørar, og ikkje minst alle deltakarane.

Legg att eit svar