Bli med på Kurs i Orientering – vårens vakraste eventyr

Lær deg orientering – og ver trygg i naturen!

Suldal O-lag arrangerar kvar vår eit kurs i Orientering. Og no er det klart for årets kurs.

Kurset er gratis for medlemmer, og den første kurs-veka, komande veke 15, frå 12-18. april blir også gratis for alle som ønskjer å prøve seg med kartet i handa. Grunna smittevern i høve C-19, blir det ikkje lagt opp til felles oppmøte, no førstkomande onsdag i veke 15.

Les meir om kurset, last ned innbyding, og finn ut korleis du melder deg på kurset. Du vil også finne tips til korleis du skal forstå, og bruke O-kartet, for å finne fram i skogen 🙂

Ønskjer du å lære deg å bruke kart og kompass?

Dei komande vekene har DU sjansen.
I veke 15, frå 12.-18 april startar Suldal O-lag opp med kurs i orientering 2021. Kurset passar både for nybyrjarar, og for dei med litt erfaring i bruk av kart frå før. Kurset, som er lagt opp for både born og vaksne, går over 3 onsdagskveldar/veker. Barn under 5. klasse må vere i følgje med ein vaksen.
Me ønskjer samstundes alle nye og gamle medlemmer velkomne til O-kurset, og håper at så mange som råd prøver seg i løypene den 1. kurs-veka.

Kurs-innbyding

Her kan du laste ned og sjølv trykkje kart til den første kurs-veka :

Kor skjer dette?
Første veka er det sjølbetjente kursløyper frå den gamle lavvuen i Mehushaugen, på Suldalsosen. Merka frå kyrkja med ein O-skjerm.

Den 2. kurskvelden, onsdag 21, apirl, håper me å kunne møtast. Då møter du opp ved Markosvatnet. Vatnet ligg på vegen over til Vidvei. Det er merka frå Steine.

Onsdag den 28. april er det kursavslutning i Stegåsen på Sand, oppmøte ved Randåsen barnehage.

Kurspris: Sjå innbydinga under. Inkludert i kursprisen er medlemskap i Suldal O-lag for 2021.

Kle deg etter veret og bli med på kurs 🙂

Premieutdeling til barn og unge siste kurskvelden
Alle som har delteke 2 eller fleire gonger på kurs får godkjent kurset. Dei unge får også ein deltakarpremie. Denne delast ut på den siste kurskvelden.
Skule-O tel med i kurs-rekkja.

Her finn du tips til korleis du bruker kartet:

Her finn du lenkjer til gode tips for å lærar kart og kompass på Norges O-furbund:

Opplæring i kart og kompass – NOF

Nett-kurs i orientering – NOF

Legg att eit svar