Ski-Tur-Orientering under Gullingen 2021

Vinterferien for Rogaland startar komande fredag 26. februar, og tradisjonen tro har Suldal O-lag også i år eit gratis tilbod om Tur-Ski-Orientering i Gullingen-området for alle som ønskjer å prøve dette.
I år ligg det ute 40 poster, fordelt på karta:

Gullingen, med 22 postar,
– og for første gong på Hedlebrekk, med 18 postar.


Postane ligg ute til søndag 25. april. På begge karta er alle skiløypene til Gull-Spor innteikna.

Gratis kart får du tak i frå laurdag 27. februar, kl 13:00, på følgjande stader:

  • Gullingen Turistsenter
  • Sand Sport
  • Joker Suldalsosen

Du kan også skrive ut karta sjølv her. Kartet Gullingen; Kart 1, er best å skrive ut på A3 format, medan Hedlebrekk; Kart 2, er greit på A4-formatet.
Her finn du karta i PDF:

Og her ser du bilde av karta:

Ski-Tur-O- 21 Kart 1 Gullingen
Ski-tur-O-21 Kart 2 Hedlebrekk

Vinn gåvepremiar
Har du funne 20 postar eller meir og notert ned kodane på kvar post, kan du vinne premie om du skriv namn, adresse og tlf.nr på karta og sender inn inncanna kart eller bilde av karta til Suldal O-lag. E-post til styret finn du på nettsida til O-laget.

Premiering av beste innkomne bilde
Du kan òg vinne premie for beste tur-ski-O-bilde. Send ditt blinkskot på e-post eller del bildet på våre Facebook-sider.

God tur med kart på skituren denne vinteren.

Helsing Suldal O-lag

Legg att eit svar