Onsdag den 2. desember arrangerte Suldal O-lag den 4. Vinter-O-karusellen for året. Dette var det siste O-løpet i 2020, og deltakinga var enormt bra. Vêret var perfekt for ei kveldsøkt med kartet i handa, med opphaldsvêr og passe mildt. Det er ekstra gledeleg at akkurat halvparten av deltakarane er born og unge under 16 år. Deltakinga i årets Vinter-Karusell har så langt satt rekord, i løp etter løp, der toppen blei nådd denne gongen med 36 deltakarar.
Takk til nye arrangørar i klubben
Else Kristin og Raymond Hilde Krogh arrangerte sitt første O-løpe denne kvelden. Dei gjorde sine sakar heilt perfekt og fortener ein stor applaus for eit godt arrangement.

Gode prestasjonar av dei unge i alle løypene
I kortløypa er alle vinnarar. Mange vel å ha tida si med, men i Vinter-O-Karusellen er det ingen rangering i kort-løypa. Ein del av løparane her, tek gjerne to løyper kvar gong. Det er rett og slett imooperande.
I mellom-løypa finn me igjen dei godt erfarne O-løparane i klubben, men også mange av dei unge prøver seg her. Den raskaste denne kvelden blei Simon Bakka, tett fulgt av Vilde Tjøstheim i parløp med Marte Krogh.

Deltakarane i lang-løypa skulle igjen ein tur opp i skogen i Brakåsen. Orientering i skogen om natta er noko heilt anna enn på dagtid. Du ser ikkje like mykje rundt deg som når det er lyst, og det gjere at du må halde god kontroll på kor du er i høve kartet. Tom Steinar var raskast igjen, og me sakna duellen mellom han og Stig Morten denne kvelden.
På 2. og 3 plassen var det ein duell mellom far og son Bakka. Denne kvelden var det far, Magnus som var raskast, men Thomas var ikkje langt bak. Ekstra gledeleg er deltakinga i langløypa denne kvelden. Heile 10 deltakarar stilte til start denne kvelden.

Få med dei siste Vinter-Karusellane ret før påske til neste år
No tek O-laget ein pause der me anbefalar mange skiturar gjennom vinteren.
Me har likevel nokre arrangement det er verdt å få med seg:
Her er terminlista for vinteren. Det er verdt å få med seg:
- Julemarsjen — med start frå Sanitetshuset på Sand, 3. juledag
- Ski-tur-Orientering under Gullingen frå vinterferien
- 5. og 6. Vinter-Karusell, onsdagane i veke 11 og 12, rett før påske

Suldal O-lag vil ønskje alle deltakarane gjennom dette spesielle året ein stor takk for å støtte opp om arrangamenta.
Likeeins ein ekstra takk til alle som stiler som arrangørar i treiningsløpa, og som også stiller på dugnadar i andre samanhenger
Så må alle ha ei god jul og eit godt nyttår.
Me håper å sjå dykk igjen på O-løpa gjennom vinteren og til våren.
Deltakarliste 4. vinter-Karusell 2020, Vinjar skule
Dato: 02.12.2020
Kort løype/barn: | Antall | 10 | ||
1 | Vetle Hiim Havrevoll | 23.18 | ||
1 | Lina Helen Eikeland | 17.30 | ||
1 | Håvard Eikeland | 20.27 | ||
1 | Simon Bakka | 09.50 | ||
1 | Marte Krogh | 09.02 | ||
1 | Vilde Tjøstheim | 11.08 | ||
1 | Eirik Ronold Hoftun | 14.55 | ||
1 | Malene Ronold Hoftun | Fullført | ||
1 | Mari Hoftun | Fullført | ||
1 | Tora Hoftun | Fullført |
Trim/vaksne: | Antal: | 7 | ||
Hege Hiim Steine | ||||
Dagfinn Havrevoll | ||||
Tormod Hoftun | ||||
Marit Eikeland | ||||
Anne Ronold | ||||
Geir Bjarte Hoftun | ||||
Solfrid Eide Hoftun | ||||
Jan Erik Kristensen |
Mellom løype: | Tid/Deltatt | Antal: | 7 | |
1 | Simon Bakka | 20.07 | ||
2 | Marte Krogh | 23.30 | ||
2 | Vilde Tjøstheim | 23.30 | ||
4 | Marit Eikeland | 23.35 | ||
5 | Øyvind Nerheim Fjellhaugen | 34.25 | ||
6 | Heine Mo Willig | 45.10 | ||
Odd Rune Malerbakken | Fullført |
Lang løype: | Tid/Deltatt | Tal: | 10 | |
1 | Tom Steinar | 24.45 | ||
2 | Magnus Bakka | 33.47 | ||
3 | Thomas Bakka | 35.15 | ||
4 | Tormod Hoftun | 37.07 | ||
5 | Hedvig Østebøl | 39.45 | ||
6 | Ella Tjøstheim | 41.35 | ||
6 | Mathea Vik | 41.35 | ||
7 | Daniel Bakka | 43.22 | ||
8 | Magnus Lunde Hoftun | 44.00 | ||
Alf Odden | Trim | |||
Jon Nærheim | Trim |
Løypelegger: | Tal: | 2 | ||
Else Kristin Hilde Krogh | ||||
Raymond Krogh | ||||
Totalt | 36 |