Øs – pøsregn på Nesflaten

Den 2. Vinter-Karusellen på Nesflaten blei avholdt onsdag 18. november. Det blei ein frykteleg blaut affære, og monster-regnet må nok ta mykje av skulda for at det berre blei 6 deltakarar som stilte denne kvelden. Og det vart verkeleg vått denne kvelden. På Gullingen skisenter falt det 103 mm med regn det døgeret, og det var verst på onsdags kvelden…

Nesten heile Neslfaten skule i O-løypene
Postane blei likevel godt brukt på Nesflaten. På torsdag og fredag var heile små-skulen og mellomsteget å sjå ute i løypene på Nes. Så det blei likevel svært bra deltaking på 2. Vinter-Karusellen.

Resultater:

Kort løype:
20 elevar i småskulen og mellomsteget

Mellom løype:
Øyvind N Fjellhaugen, Trim

Lang løype:
1. Tom Steinar Nærheim – 25:55
Jon Nærheim – Trim
Sander Havrevoll – Trim
Kevin Havrevoll – Trim

Arrangørar:
Kjersti Eikemo
Lena Bråtveit
Kjell Arne Havrevoll

Legg att eit svar