Fantastisk opning av Vinter-O-Karusellen 2020

Onsdag 11. novemeber var det duka for første trenings-O-løp i Vinter-Karusellen 2020/21. Og for ein start det blei!!
Med 38 deltakarar med stort og smått er dette ny rekord på minst 20 år. Spesielt gledeleg er det at 17 barn og unge og 8 foreldre møtte denne kvelden. Vêret var også perfekt med opphald og mildt og fint for årstida. Etter løpet var det bål utanfor den flotte speider-hytta. Me i O-laget vil takka speidarane i Suldal for lånet av hytta og plassen.

Nattorientering i skogen – spanande og utfordrande!
Treinings-løpa på vinteren har i svært mange år vore gate-orientering, eller sprint-O-løp med hodelykt langs vegar og sykkelstier. Med speider-hytta i Mehus-haugen som utgongspunkt, gjekk store deler av løypene i skogen. Dette var nytt for dei aller fleste av deltakarane, og nokre løparar hadde litt problemer med å halde styr på små stier og steiner i mørket.

I kortløypa gjekk det derimot svært bra. Her tok familiane med vaksne og barn løypa som ein familietur, medan andre som har meir erfaring, sprang heilt aleine. Simon Bakka, Håvard Eikelad og Lina Helen Eikeland var dei som prøvde løypa heilt aleine. Nokre valde også å ha tidtaking, men i kortløypa er alle vinnarar, og det viktigaste denne kvelden var opplevinga av å kunne fine fram med kartet i handa også på natta! Fleire av deltakarane tok løypa enno ein gong, og då blei det god fart i løypa:-)

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I mellom-løypa var det også god deltaking, og mange fekk seg ein flott tur under Brakåsen langs meir eller mindre tydelege stier.

I lang-løypa spring dei fleste på tid, og tek dette som ein god hardøkt. Tom Steinar var klart raksast denne kvelden, med Alf Odden som nr 2. Men den som imponerte mest i langløypa var unge Daniel Bakka. Han tok utfordringapå strak arm og fann ganske greit fram gjennom skogen i den lengste løypa.

Få med deg 2. Vinter-O-Karusellen også
Komande onsdag, 18. november er det nye utfordinger i vente frå skulen på Nesflaten. Også her blir deler av løypa i terreng. Lad opp lykta og møt fram på Nesflaten skule litt før kl 18.00. På facebook sida vår finn du bilde av karta for denne kvelden.

Me sjåast på Nes med kartet i handa 🙂

Resultatliste 1. Vinter-O-Karusell onsdag 11.11. 2020

Kort løype:

PlassNamnTid
1Johannes Eikeland 
1Amund Hiim Havrevoll14:14
1Hanna Lunde Hoftun 
1Lina Helen Eikeland15:20
1Simon BakkaFullført
1Håvard EikelandFullført
1Tora HoftunFullført
1Mari HoftunFullført
1Signe HoftunFullført
1Vilde Tjøstheim10:35
1Marte Krogh 
1Ella TjøstheimFullført
1Anna KroghFullført
1Astrid Havrevoll19:51
1Malene Hoftun RonoldFullført
1Eirik Hoftun RonoldFullført
   
 2. gongs løping: 
 Ella Tjøstheim6:24
 Simon Bakka 
 Vilde Tjøstheim7:24
 Marte Krogh 

Trim/Vaksne:

PlassNamnTid
1Marit EikelandTrim
1Solfrid Eide HoftunTrim
1Geir Bjarte HoftunTrim
1Kari HavrevollTrim
1Raymond KroghK – 13:26
1Tormod HoftunTrim
1Anne RonoldTrim

Mellom løype:

PlassNamnTid
 Torbjørg SkrettingTrim
 Ingvar OlimstadTrim
 Odd Rune MalerbakkenTrim
 Magnus BakkaTrim
 Magnar NerheimTrim

Lang løype, 2,7 km:

PlassNamnTid
1.Tom Steinar Nærheim19:39
2.Alf Odden22:57
3.Jan Erik Kristensen28:56
4.Michael Willig36:46
5.Daniel Bakka39:07

Arrangører og løypeleggjarar:

Jon NærheimLøypeleggjar
Øyvind Nærheim FjellhaugenLøypeleggjar
Siri HelstrupArrangør
Jarand HindenesArrangør
Sidsel ØkstraArrangør

Legg att eit svar