Vinter-O-Karusellen er klar

Vinter-O Karusellen består i år av 6 treiningsløp. det blir løp før jul og 2 nærare påske. Om du er med i 2 av desse O-løpa blir det deltakarpremie på dei yngste. Samanlagt resultat reknast ut etter dei 4 beste resultatat. Her finn du terminlista og karta for det første løpet.

Det første løpet går frå Speidar-hytta i Mehushaugen på Suldalsosen, førstkomande onsdag 11. november. Sidan det blir eit lite medlemsmøte etterpå, er løypene relativt korte, og løpet startar kl 17.30.
Det blir også meir i terrenget på det første løpet. Det blir dermed rekna meir som natt-orientering. Kle deg godt å ha med deg ei god lykt. Så blir det reine skattejakten på leit etter dei små O-skjermane med refleks på. Her kan det vere lurt at dei unge har følgje denne kvelden.
Dette blir kjekt!

Premietudeling for dei unge etter løpet
Etter O-løpet har me igjen fått låne speider-hytta. her vil det bli enkel servering av brus og kaffi, samy noko å bite i. Dei 12 barna som var med på 3 eller fleire O-løp i Sommar-karusellen vil få utdelt deltakarpremiar då.

Her kan du sjå utkast til løypene for et første løpet i Vinter-Karusellen:

Her finn du terminlista for Sommar-Karusellen 2020-21:

Vel møtt med kartet i handa no før jul 🙂


Legg att eit svar