God deltaking på Sommar-Karusellen 2020

Sommar-Karusellen i dette året blei litt spesiell, grunna pandemien me er midt oppe i. Men det gjorde også til at det blei litt nytenkjing rundt treiningsløpa våre. Me tok i bruk UsynlegO, som mange fekk sansen for, og dette konspetet kombinert med at postane hang ute ei veke om gongen, gjorde at me på dei 4 første løpa hadde svært mange med.

Gledeleg mange unge med i O-løypa
Det er kjekt å sjå på samanlagt lista i år i kortløypa. Heile 28 barn og unge deltkok på eit eller fleire O-løp, og 12 av desse hade nok løp til å få premie 🙂 I dette året blei det ikkje kåra nokon vinnar, men me vil likevel trekkje fam Astrid Havrevoll. Ho deltok på 6 av dei 12 O-løpa denne sesongen. Her kan du sjå bilde av resultatlista for kortløypa.

Det var også svært god deltaking i trim/vaksen klassen. Mange av desse var med ungane sine i kortløypa. Her ser du kven som var med.

God deltaking også i Mellom- og langløypa
I desse var det også mange med i år. Mange fekk også med tida i desse løypene. Og her har me brukt poengsystemet som dei brukar i Rogaland O-krets på for å summere rankingløpa. I Mellom løypa blei det dermed Magnar som vann. Det var svært jamnt med 2. mann på lista Øyvind N. Fjellhaugen.
Det var heller ikkje mykje som skilde mellom 1. og 2. plassen i Lang-løypa. Her blei vinnaren nok ein gong Stig Morten Nerheim, tett fulgt av Tom Steinar Nærheim.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her finn du bilde av resultatlista for desse løypene:

Og her kan du sjå resultatlista i pdf-format:

Få med deg starten av Vinter-O-Karusellen
Førstkomande onsdag, 11.11 er det klart for det første O-løpet i Vinter-Karusellen. Me møtast i og utanfor Spridar-hytta i Medhushaugen, dene gongen kl 17.30. Det blir litt meir i terrenget den først gongen en det vanlegvis er. Og dermed blir det natt-orientering.
Det blir svært kjekt. Rett etter O-løpet blir det servering av kaffi og brus, og noko å bite i for sultne O-løparar. Det blir også utdeling av deltakarpremiar for dei yngste. Meir om dette finn du i neste artikkel.

Vel møtt til enkel Natt-orientering

Legg att eit svar