Super deltaking På 1. O-sprinten i Brakåsen

Etter ein haustsesong med litt lite deltakarar blant dei unge, blei den 10. Sommar-Karusellen flytta til nærkartet Brakåsen på Suldalsosen. I tillegg hadde O-laget lånt speider-hytta, og arrangøren stilte med bål der deltakarane kunne ta med kveldsmaten og grille på bålet. Vêret var nydeleg, så bål og grilling blei utandørs i den faste grua til speidarane. Dette O-løpet var det første av i alt 3 sprintløp på tampen av O-sesongen.

Det blei akkurat så super deltaking som klubben håpa på denne kvelden. Totalt var det bortimot 30 deltakarar med stort og smått. Ni av desse var under 13 år. Kjekt å få med så mange unge på O-løp igjen.

Terrenget i Brakåsen er stifylt, men no i haust har graset grodd ein del, og det var vanskeleg å få øye på alle stiene i terrenget, somme plassar. Det blei dermed ein del bomming i alle løypene. Men det er slik O-sporten er. I tillegg til god fart, må ein også orientere godt for å nå heilt til topps.

Frå Målområdet
Full fart både med bållaging og i nettet etter O-løpet
Lina Helen tek kveldsmaten gjerne ute

Tette og gode dueller i løypene

I kortløypa er alle vinnarer, og alle får fullført, sjølv om dei kanskje har hoppa over ein post i løpet av løypa.
I mellom-løypa blei det svært tett kamp om første plassen. Marit Eikeland tok løypa seinare i veka, ved hjelp av UsynlegO, og ho klarte å få utslag på alle postane. Ho var snautt 30 sekunder føre nr 2 i løypa, veteranen Magnar Nerheim. 3. plassen var det ein utflytta Suldøl som kapra. Arne Hilde slo dotter Else Kristin med fattige 5 sekund.

I lang-løypa knytte det seg stor spenning om kor fort Stig Morten eigentleg hadde løpt dagen før. Rapportane gjekk på at han hadde hatt ein del bomming undervegs, og han meinte sjølv at det nok var mogleg å slå han denne gongen. Det viste seg å stemme godt. Tom Steinar Nærheim blei soleklar vinner vel 3 minutt før Jan Erik Kristensen som kapra 2. plassen. Kåre Myklebust klarte også å snike seg før Stig Morten. Her skilte det kun 2 sekunder.

Tom Steinar Nærheim – t.v. vann langløypa denne kvelden

Få med deg dei 2 siste spint-O-løpa i haust

No går ein spesiell O-sesong mot slutten, men du kan enno få med deg 2 sprint-O-løp.

Det første løpet arrangerast på Skoddvoll på Nesflaten, medan det siste sprint-O-løpet, kan bli flytta frå Bålstova ved Gullingen leirskule, til speidar-hytta og Brakåsen terrenget. Dette blir annonsert på Facebook sidene til O-laget.

Me håper så mange som mogleg finner vegen også til dei 2 siste O-løpa i år. Alle er hjarteleg velkomne, både medlemmer og andre som har lyst til å prøve seg i O-løypa.

Resultatliste for 10. Sommar-Karusell, sprint:

Kort løype, Løypelengde: 1,3 KM Antall poster: 10
PlassNavnTidPoeng
1Hoftun,Magnus Lunde30:33Fullført
1Bakka,Daniel30:33Fullført
3Nærheim,Albert32:46Fullført
4Hoftun,Hanna Lunde42:57Fullført
5Eikeland,Johannes43:12Fullført
6Eikeland,Håvard47:52Fullført
7Hoftun,Anders Lunde49:04Fullført
8Eikeland,Lina Helen53:56Fullført
9Krogh,Marte39:27Fullført
Mellom løype, Løypelengde: 1,4 KM Antall poster: 9
PlassNavnTid
1Marit Eikeland35:17
2Nerheim,Magnar35:56
3Hilde,Arne37:11
4Krogh,Else Kristin Hilde37:16
5Fjellhaugen,Øyvind Nærheim38:03
6Myklebust,Torkel55:42
7Krogh,Raymond55:48
8Olimstad,Torbjørg Skretting01:02
9Myklebust,Kari01:06
Lang løype, Løypelengde: 1,9 KM Antall poster: 12
PlassNavnKlubbTid
1Nærheim,Tom SteinarSuldal O-lag27:12
2Kristensen,Jan ErikSuldal O-lag30:15
3Myklebust,KåreSuldal O-lag31:39
4Nærheim,Stig MortenSuldal O-lag31:41
5Åstebøl,HedvigOppsal42:45
6Willig,MichaelSuldal O-lag47:15
7Olimstad,IngvarSuldal O-lag51:43

Trim:

Marta Lunde HoftunFullført
Siri HelstrupFullført


Løypeleggjar:

Heine Mo Willig og Jon Nærheim

Legg att eit svar