Bli med på sprint-O-løp i Medhushaugen

No komande onsdag slår Suldal O-lag på stortromma i Mehushaugen, ovenfor kyrkja på Suldalsosen.
Det blir masse folk, vimpelen til O-laget er framme, og me har fått låne Speider-hytta der folk kan gå inn og skifte før bålet tennast mot slutten av løpet 🙂
Sidan det går mot mørkare tider, kan du no starte frå kl 17.30, og det er alltid lurt å vere tidleg ute. Det er også meldt om flott vêr og nesten sommarlege temperaturar denne dagen.
Ta gjerne med kveldsmat som kan tilbereiast på bålet av familiane.

Sprintløpet som også er 10. Sommar-Karusell, ligg allereie no ute på UsynligO, og her kan du sjå karta for kort/Ny løypa og mellom-løypa. Dette er også for dei som av ein eller annan grunn ikkje kan møte opp på onsdagen. Frå onsdag kveld kan du også hente ferdig trykte kart på hjørnet utanfor klubbuset 🙂

Me håper på stor-innrykk denne kvelden, og ikkje minst håper me mange unge tek turen, gjerne saman med dei vaksne 🙂

Me sjåast ved Speider-hytta i Mehushaugen onsdag 16. september kl litt før 17.30 🙂

Legg att eit svar