Jamnt på Klubbmeisterskapen på Hedlebrekk

Klubmeisterskapen og 9 Sommar-Karusell for Suldal O-lag blei arrangert på Hedlebrekk .
Tom Steinar var arrangør, og vêret var betre enn meldingane tyda på. Totalt var det 10 personar som deltok, og desverre ingen unge løparar denne gongen.

Delt siger i Mellom-løypa
Michael Willig, som står innlesinga av alle tider frå Karusell-løpa melder om at han aldri har sett ei heilt lik tid i O-løypa. Det skjedde med Kari Myklebust og Øyvind N. Fjellhaugen i går. Undervegs veksla dei om å lede i løypa, og i mål fekk dei eksakt lik tid.

Kari Myklebust mot mål
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I langløypa var det også tett og jamnt, og det veklsa mellom kven som hadde leiinga i løypa undervegs. På 8. posten var det ein nykommar i langløypa, Hedvig Åstebøl, frå Oppsal som hadde leiinga. Frå 9. til 11. posten var det Jan Erik K som hadde teten. Han gjekk ¨ein bom på 12. posten, og i mål var det igjen Stig Morten Nerheim som var raskast, og dermed klubbmeister i lang-løypa. Det blei svært jamnt om 2. plassen, og Jan Erik kan nok takke ryggen til Michael i innspurten for dei fattige 2 sekunda som skilte ned til Hedvig på 3. plassen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Stadig råd å ta turen på Hedlebrekk
Postane ligg ute til og med laurdag i denne veka, og du kan få tak i kart på veggen på klubbhuset. Du kan også skrive dei ut sjølv her.
Meld frå på FB sida vår om du har tatt deg ein tur. Dei unge blir stadig premiert ved deltaking:-)

Legg att eit svar