Indian summer på Markosvatnet

Onsdag den 2. september var ein nydeleg og varm onsdag, og det var klart for den 8. Sommar-Karusellen i dette spesielle året.

Sidsel Økstra hadde laga til 4 flotte, men også tunge og krevjande løyper, og graset på myrane var både tuete og høgt. Dessverre var det heller ikkje denne gongen med nokre unge O-troll i dei kortaste løypene, men det blei etter kvart god deltaking i spesielt langløypa. Ekstra gledeleg var det at 2 nye løparar frå Oppsal i Oslo-området var med denne kvelden. Hedvig Åstebøl har fått seg jobb på Norsk Stein. Ho har løpt mykje forskjellige O-løp i si karriere, og ho blir nok med fleire gonger i Suldal denne hausten.
I mellom-løypa var det ein del som fekk seg nokre svært gode bomturar, men alle fann fram til mål til slutt.

Frå målområdet ved Volleyballbanen nord i Markosvantet

Klar for Klubbmeisterkapen på Hedlebrekk?
Få med deg den 9 Sommar-Karusellen. I terminlista står det feil dato. Løpet går frå P-plassen på Hedlebrekk, onsdag den 9 september. Du kan starte litt før kl 18.00.
Dette løpet er også klubbmeisterskapet for Suldal O-lag, men alle som ønskjer det kan vere med.
Me sjåast på Hedlebrekk

Her finn du no komplett resultatliste for løpet:

Lang, Løypelengde: 3,7 KM Antall poster: 12
PlassNavnKlubb:Tid
1Tom Steinar NerheimSuldal O-lag44:22
2Nerheim, Stig MortenSuldal O-lag45:33
3Myklebust, KåreSuldal O-lag50:38
4Kristensen,Jan ErikSuldal O-lag51:33
5Åstebøl,HedvigOppsal54:48
6Åstebøl,KetilOppsal68:28
7Tormod HoftunSuldal O-lag73:19

Willig,MichaelSuldal O-lagTrim
Mellom, Løypelengde: 2,6 KM Antall poster: 9
PlassNavnKlubb:Tid
1Myklebust,TorkelSuldal O-lag1:04:49 + 00:00
2Fjellhaugen,Øyvind NærheimSuldal O-lag1:10:38 + 05:49
3Krogh,RaymondSuldal O-lag1:26:00 + 21:11
4Krogh,Else Kristin HildeSuldal O-lag1:26:55 + 22:06

Myklebust,KariSuldal O-lagTrim


Løypeleggjar: Sidsel Økstra

Legg att eit svar