Endeleg ordinært O-løp på Ørekvam

Onsdag 10. juni er det endeleg klart for eit ordinært O-løp igjen i Suldal O-lag. Det er den 5. Sommar-Karusellen, og løpet startar frå den nedlagte heiegården nede på Ørekvam. Men i tillegg kan dei som vil også ta løypene som Vekas løype, om du ikkje får til å møte onsdagen mellom 18.00 og 19.00. Under vil du finne meir om O-løpet.

Korleis finne fram til Ørekvam?
Sjå på kartutsnittet kor du parkerer bilen, og følg stien ned til hytta. Der står start og mål posten. Start nord for det nyrestaurerte huset på stølsvollen. Det mangler start og målpost der fram til onsdag.

Køyr frobi Gullingen leirskule og mot Sandsa – Parker før fossen frå Heiavatnet, og gå ned stien til hytte.

Her kan du laste ned og trykkje kartet sjølv.
På onsdagen får du kart ved hytta. Me håper at så mange som råd set av onsdagen for å møtast igjen, men hugs – Ver frisk og hald ein viss avstand. Det er mogleg å få vaska hender i bekkjen, og det vil også vere litt spriting av hender og brikker.

Her kan du sjå bilder av løypene.
Me sjåast på O-løp igjen komande onsdag.

Legg att eit svar