Tur-Orienteringa 2020 er klar

Tur-orientering er ein familievenleg måte å koma seg ut på tur, til stader ein vanlegvis ikkje går. Suldal O-lag har i mange år hatt dette tilbodet til alle innbyggjarane i Suldal kommune, og i år er det ein trygg og god aktivitet ute i flott natur. Det er også mange hyttefolk i området under Gullingen som får seg fine turar med tur-o-kartet i handa.

Tur-O-veke i staden for Tur-O-opning i år

Dette året er tur-Orienteringa råka av både snø og covid-19. Den trivelege tur-O-opninga som kvart år arrangerast den første onsdagen i juni, med sal av kart og pølsegrilling, blir dessverre avlyst i år. Heile veke 23 er i staden for; Tur-O-veka 2020.

Tur-O konvolutten kan du få kjøpt her:

  • Sand sport
  • Joker Suldalsosen

Betaling på butikkane skjer med Vipps, eller overføring til Suldal O-lag sin bank-konto. Meir informasjon om dette finn du på butikkane.

Mange postar å finne fram til
Allereie no er det lagt ut omlag 30 postar, og snart ligg alle 60 tur-O-postar ute i terrenget. Postane ligg ute til og med haustferien, 16. oktober. Dei øverstliggjande områda er stadig dekkja av snø, men postane der vil bli lagt ut så fort det er mogleg.

I år ligg postane i desse områda der Suldal O-lag har flotte O-kart:

  • Mosåna-kartet, som dekkjer liane nedover frå Mosvatnet til Gjesskarefossen
  • Hedlebrekk, sør for Mosvatnet mot Fjellberskaret
  • Finnadalsheia, heia opp frå skitrekkjet og sør for Gullingen
  • Sandsa-kartet


Det blir forhåpentlig mange fine turer i løpet av sommeren for både store og små. Gjerne med et bad på vegen!
God tur!


Helsing Tur-O-komiteen i Suldal O-lag

Legg att eit svar