4. Karusell blir likevel Vekas løype

Me hadde eit håp om å kome i gong med å arrangere eit ordinært onsdags-O-løp med brikker denne veka. Men, det blir Vekas-løype utan brikke-systemet også denne veka…

Terrenget denne veka ligg på Suldalsosen, og starten er frå Lavvuen i Mehus-Haugen. Det er brukt bukker til å feste skjermane med denne gongen, men beskjeden er som før:

Ikkje ta på hverken bukken eller O-skjermen.

I ettermiddag kom dei første ferdigtrykte O-karta til Joker Suldalsosen, og der står det at det blir O-løp med brikker komande onsdag, men det stemmer då ikkje.
Men det betyr berre at du har fleire dagar å bruke for å ta løypene 🙂
No er det lagt ut redigerte løyper til nedlasting under her.

Korleis finne fram til start?
Køyr til Vinjar skulen, ta av hovudvegen mot kyrkja, og køyr til venstre rundt Kyrkjegarden, Følg vegen til endes, og her parkerar du. Når du går ut av bilen ser du lavvuen.

Her kan du laste ned og skrive ut ditt eige kart:
God tur, og hugs å skrive på FB når du har tatt løypa. Gjerne ed eit bilde frå turen.

Legg att eit svar