Ny veke og nye løyper med Suldal O-lag

Her finn du no karta for den 3. Sommar-Karusellen i 2020.

No skal me prøve oss i det flotte, men krevjande terrenget i liane under Hellandsnuten.
Du parkerar ved Joagarden barnehage (Sjå kartet) Ved grinda der stien begynner opp mot Hellendsnuten, heng det ein O-skjerm. Du må då følgje stiane til du finn Jonsokplassen. Her heng Målposten 🙂

Starten for mellom og lang-løypa er trekt litt oppover mot Hellandssnuten. Det blir ein fin oppvarming opp dit. Her heng det nok ein startpost. Igjen er det Vekas løype og UsynligO i kombinasjon. Reidar Blesvik har lagt ut postane.
God tur, og hugs å melde frå når du går, og ikkje minst når du har tatt turen.

Her kan du laste ned løyper og trykkje sjølv. Måndag ettermiddag finn du kart på Joker Suldalsosen, og på veggen på klubbhuset.

Kortløypa – Ser du Joagarden barnehage?

Legg att eit svar