Klart for nye eventyr med kartet i handa

Etter opptelling på 1. Sommar-Karusell er me førebels komne til heie 36 deltakarar og 2 arrangørar. Det er me i O-laget utruleg godt nøgde med 🙂 Mange av desse er familiar på tur, og det er ekstra kjekt. I tillegg er det mange som også lagt ut bilder og kommentarar på Suldal O-lag si FB side – og det er heilt supert!!

No er neste vekas løype, elller 2. Sommar-Karusellen, også klar. Denne gongen skal me prøve oss i nok eit nydeleg terreng, nord-vest for Markosvatnet, og mot Augnastølsvatnet. Dette finn du når du tek av på Steine mot Valskår. sjå elles oversiktskartet.

I denne veka, der postane igjen ligg ute heile veka, kan du velgje mellom 3 løyper. Det er Stig Morten som er løypeleggjar i denne veka:

  • Kort løype – Enkel orientering med tydelege ledelinjer – 1,4 km
  • Mellom løype – Meir krevjande orientering, og passe lengde – 2,4 km
  • Lang løype – Krevjande orientering, – 3,4 km

Registrering av deltakarar i Sommar-Karusellane no i vår
Me må stadig bruke formen med Vekas løype dei første Karusell-løpa. Postane ligg normalt ute måndag til søndag, og du kan ta løypene når du vil.
For å bli med i Sommar-Karusellen, må du sende ein e-post til: styret@suldal-o-lag.no. Her skriv du kva løype du har tatt og kven andre som var med. Du kan også sende melding til Michael Willig; 990 25 831.
Du kan gjerne sende med tida di, om du vel å springe fort, men alle får registrert løpet som fullført.
Legg gjerne også ut eit bilde og ein kommentar på Facebook-sida til Suldal O-lag.

Her kan du laste ned løypene, og skrive dei ut. God tur 🙂

Kortløypa
Mellom-løypa
Langløypa

Her er oversiktskartet for å finne fram til start og mål:

Sjå etter startposten Nord-vest for Markosvatnet over vegen. Bilde : Stig Morten N.

Legg att eit svar