Kva er eit kart ?

No etter påske har O-laget allereie hatt mange løparar, og mange ulike løyper.
Men det kan stadig vere at nokon har behov for å lære meir om kartsymbola og fargane på eit kart for å forstå dette betre.
Les vidare i artikkelen og finn mange gode tips her.

Under ser du bilde teiknforklaringa, og kva eit kart er. Du kan også laste ned sida som PDF under bildet. Prøv å finne ut dette:

  • Kva symbol er gode ledelinjer (ting som er lette å følgje i O-løypa) ?
  • Korleis ser symbolet for steingjerde ut? Kan du finne det på eit kart du har brukt?
  • Finst det eit symbol for eit einsleg tre?
  • Finn så mange små pyttar på eit av karta dine som du kan klare (blå V)
  • Kva ledelinjer er det lurt å bruke på kortløypa i veke 19? (Sjå bilde under)

Her kan du også laste ned denne sida som PDF.
Så kan du ta denne med i neste O-løypa dersom du plutseleg står fast på eit symbol. Du vil også finne dette arket der du kan finne kart, etter kvart.
Lukke til med å forstå kartet endå betre.

Legg att eit svar