Terminliste for Sommar-Karusellen 2020 er klar

God 1. mai.
I Suldalsposten onsdag, 29. april, blei vår-løpa, som førebels arrangerast som Vekas-løype, annonsert. Og her finn du no terminlista med kor det er O-løyper kvar veke. Les også om korleis du skal registrere deg som deltakar i løpa framover i denne artikkelen.

Bilde av terminlista 2020

Vår-løpa blir etter all sannsynlegheit reine treinings-løyper utan fast dag. Postane vil då henge ut heile veka, og du trykkjer karta sjølv, eller du finn dei på 3 stader i kommunen.
Sjå meir om det her: http://wp.suldal-o-lag.no/index.php/2020/04/26/2-aktiv-o-veke-i-stegasen-kult-og-ratt/#more-2255

Dersom smitteverns-råda endrar seg utover våren, og me igjen kan arrangere Sommar-Karusellane som normalt, vil det kome melding om det her.

NB VIKIG – Registrering av deltakarar i vårens ordinære Vekas-løyper
Frå neste veke er me i gong med Sommar-Karusellen 2020. Desse løypene tel med i årets Sommar-Karusell. Du som deltakar må då melde frå slik om du har prøvd deg i O-løypene:
Du kan sende e-post til: styret@suldal-o-lag.no
SMS til Michael Willig; 990 25 831 eller Jan Erik; 980 69 201.
Det blir ikkje registrert tid på våren, men du kan sende med di tid i løypa for at andre kan samanlikne. Bruk eigen klokke.
Det er også svært kjekt om du legg inn ein kommentar, gjerne med eit bilde eller to På FaceBook sida til Suldal O-lag.

Her kan du no laste ned heile terminlista, som PDF -fil for utskrift:

Legg att eit svar