2. Aktiv-O veke i Stegåsen – Kult og rått

Det går så det suser rundt omkring i kommunen i O-løypene. No er det klart for den 2. Aktiv. O-veka, der løypene denne gongen er lagt til Stegåsen, på Sand. Dette terrenget er kjent i O-laget som – Vilt – Vakkert og Rått. Andre ord som beskriv terrenget er krevjande og hardt, men det gjeld ikkje Kortløypa. Og dei andre løypene er også lagt ganske snilt! Det har løypeleggjaren tenkt på denne gongen 🙂

Korleis finne fram til der løypene startar?
Det er best å parkere ved Joagarden barnehage, og så gå stien oppover til det første skitkrysset. Sjå på kartet. Her finn du ein startpost, og kortløypa startar herfra. Starten for Mellom og lang-løypa er på 1-posten, nr 72 i kortløypa. Alle løypene kjem i mål nede i det første stikrysset. Du kan også ta alle eller nokre av postane som Tur-orientering eller poeng-O. Då vel du kartet der alle postane er innteikna. Under ser du bilder av alle løypene.

Kort løype – startar i første skirysset frå Joagarden barnehage mot Jonsokplassen
Mellom løype – start frå kortløypa sin første post med kode 72. Start ved steinen.
Lang løype – start frå kortløypa sin første post med kode 72. Start ved steinen.
Tur-O og poeng-løype. Start ved startposten. Ta postane i den rekkjefølgja du ønskjer. Du kan velgje sjølv kor mange du vil ta

Skrive kartet ut sjølv?
Om du har tilgong til skriver med farge, finn du løypene under her til nedlasting. Så skriv du enkelt og greit ut dei karta du sjølv treng.
O-laget har også trykkja opp kart. Du kan finne dei her:

  • Hjørnet av klubbhuset i eigen boks på hjørnet av huset. Karta ligg beskytta for vêr og vind. Her kan du også finne kartteikn-forklaring og ein folder med det viktigaste for begynnere.
  • I butikken på Joker Suldalsosen
  • Nærbutikken Nesflaten

Kor mange tek løypene våre?
Det veit me ikkje heilt, men me kan få ein betre oversikt om alle legg ein kommentar på Facebook sida til Suldal O-lag, under artikkelen om 2. aktiv-veke 🙂 Takk for at du hjelper oss med dette.
Her finn du lenkje til facebook sida til O-laget: https://www.facebook.com/SuldalOlag/

God trening eller tur, med kartet i handa !!

Legg att eit svar