Nye O-løyper frå Mehushaugen i veke 17

Det nye systemet vårt i desse tidene, med sjølbetjente O-løyper, saman med usynleg O har verkeleg tatt av. På det første Påske-O-løpet nærmar me oss no 50 personar som har vore ute og prøvd ulike løyper, med og utan UsynligO. Desse løypene blei tekne inn på laurdag, men no er det 2 nye løyper klare, saman med Tur-Orienteringskart med alle postane innteikna.

I komande veke 17 skulle Kurs i Orientering ha starta opp no på onsdagen. No blir det aktivitetsløyper og Tur-O i staden for. Men det ser ut til å funere like godt, eller nesten betre!

Her finn du no løypene du kan prøve deg på i veke 17, i PDF. Det er berre å trykkje i vei. Postane ligg ute til og med søndag.

På facebook kan du oggså sjå bilder av karta. Det er svært kjekt om dulegg ut bilder og ein komentar på facebook sida til Suldal O-lag om kven som har prøvd seg i løypene. Del også gjerne budskapet frå Suldal O-lag om nye løyper.

God tur i veke 17 – med kartet i handa. Helsing trenings- og rekrutteringskomiteen.

Legg att eit svar