UsynligO på Nesflaten er klar

Suldal O-lag er no godt i gong med UsynlegO, og det er mange som har prøvd denne formen for orientering på Suldalsosen og i Stegåsen på Sand, etter berre nokre få dagar. Fantastisk kjekt!
Denne formen for orientering opnar for heilt nye moglegheiter, og som ein av deltakarane kommenterte etter å ha prøvd dette for første gong: «Du blir heilt hekta på lyden som kjem når du har funne detaljen! » Dette er ganske nytt i Norge, og Suldal O-lag har no 4 arrangement som er knytta til UsynlegO allereie.

Her er ein oppskrift på korleis ein kjem i gong med UsynlegO:

  • Last ned Appen til mobilen frå Appstore eller Google – Det er heilt gratis. Søk etter UsynligO
  • Gi appen tilgong til GPS funskjonen, vel «Alltid tilgong» på dette. No er du nesten klar
  • Søk etter arrangement eller løp i kart eller i nærleiken, her kan ungdomane i huset hjelpe til
  • Når du har funne eit arrangement, vel løype, og då kan du også laste ned kartet til trykking. Men du kan også hente karta på Suldal O-lag sine heimeisder
  • Finn fram til Start, i alle fall om du har tenkt å gå ei ordinær løype
  • Trykk på start. Du startsignal med 5 pip som i langrennskonkurranser…. 🙂
  • Legg mobilen i lomma, hugs å ha på lyd…
  • Bruk kartet for å finne fram til postane
  • Mobilen gir eit klart og tydeleg lydsignal når du er rett ved postdetaljen, og då kan du løpe eller gå vidare til neste post.
  • I løypa må du ta postane i rekkjefølgje for å få godkjent løypa.
  • Då får du tid totalt, og du kan også sjå kor lang tid du brukte frå post til post, eller strekktider som O-løparane kallar det.
  • Dersom du vel å publisere løpet ditt, vil det vise i ei resultatliste. Dette vel du sjølv på Appen.
  • Tur-O-løypene har ikkje tid. Her samlar du poeng. Du kan også velgje å ta ei løype som poeng-orientering, trur me…. Dette er nytt for alle…
  • God tur!

Her ser du bilder av løypene på Nesflaten. Det er ingen O-skjermer ute. Bruk appen.

Tur-O-postar på Nesflaten i UsynlegO – her kan du starte kor du vil
Kort løype – Her må du starte frå rundkøyringa ved butikken 🙂 Trykk start på Appen og du er i gong.
Lang løype – start på rundkøyringa utanfor butikken 🙂

Her kan du laste ned karta i PDF-format for trykking:

Det er svært kjekt og viktig for oss å få ein tilbakemelding på korleis du som prøver dette, opplevde denne formen for tur eller trening med kart og signal frå mobilen. Ta gjerne eit bilde eller to, ev ein video, og publiser det gjerne på FB sidene til Suldal O-lag 🙂
O-helsing frå Suldal O-lag!

Legg att eit svar