Påske-løyper ligg ute i Brakåsen

God påske til alle O-entusiastar.

Suldal O-lag måtte desverre avlyse dei 2 siste Vinter-Karusellane før påske. Men no kan du prøve deg på eigenhand, eller saman med familien i 2 påske-løyper i Brakåsen. Du trykkjer karta ut sjølv, eller du kan få kart av Jan Erik, Magnar og Michael.
Desse postane blir liggjande ute til fredag den 17. april, så du har enno tid på deg til å få tatt deg årets første Orienteringstur, anten som trening, eller som tur og trim. Du kan også velje å finne alle postane i området, som tur-O, der du sjølv vel kva rekkjefølgje du vil ta postane.

Kurs i orientering og Vår-sesongen elles
Det kan bli vanskeleg med både Kurs i orientering og dei ordinære O-løpa våre no på våren i denne O-sesongen grunna smittevernet i høve Covid-19. Derfor vil me organisere treningsløp utan fast møtedag.

Aktivitetsløyper i april
I staden for Kurs i Orientering, som me normalt pleier å ha etter påske i april, blir det i år aktivitetsløyper etter sjølvbetjenings-prinsippet. I veke 17 og 18 heng me ut poster og lagar 2 løyper slik:
Nybyrjar/kort løype – passar for dei yngste og dei med lite erfaring i bruk av kart
– Vidarekomen løype – Passar for dei med erfaring, og for dei som ønskjer litt meir krevjande orientering/trening.

Her er ein oversikt over kor aktivitetsløypene kjem:

VekenrFråtilKva arr.KorArrangør/løypeleggjar
v. 16Fre. 10.4Fre. 17.4Påske-løyperBrakåsen, S.osenJan Erik
v. 17Mån. 20.4Fre. 24.4Aktiv.-løyperBrakåsen, S.osenStyret
v. 18Mån. 27.4Fre. 01.5Aktiv.-løyperStegåsen, SandStyret
Utdrag frå terminlista 2020
Kort-løypa i veke 15/16

Her finn du no karta i PDF format for Påske -O. Desse kan du også ta i veke 16 til fredag:

Viktige forholdsreglar i høve smittervern
Det er viktig at me opptrer etter gjeldande smittervernsreglar. Det kan me gjere slik:

  • Det er kun O-skjermer i terrenget, og skal ikkje berørast. Postane har koder.
  • Grupper som møtast for å springe O-løp, bør ikkje meir vere fleire enn 5 personar.
  • I skogen er det jo greit, sjølv om fleire er ute i løypene.
  • Kartet leggjast ut som PDF fil på Suldal O-lag sine heimesider. O-laget kan bistå med trykking av kart for dei som ikkje har skrivar. Kontakt Jan Erik, Michael, eller Siri; 472 87 188.
  • Urøynde løparar bør løpe minst 2 i saman for tryggleiken sin skuld. Ev. i følgje med vaksen.

Usynleg-O
Eit nytt konsept er no utvikla for å kunne lage til løyper utan fysiske O-skjermar. Dette kallast «UsynlegO» Dette systemet kan også brukast saman med skjemar i terrenget, då som tidtaking for løypa.
Kort fortalt treng du å laste ned ein APP. Lenkja til denne finn du her:
https://usynligo.no/. Oppsal orienteringslag har laga grei forklaring på korleis usynleg-o fungerer. https://oppsalorientering.com/oppsal/?p=6134

Suldal O-lag har allereie teke dette i bruk. Du finn no Påskeløypene i dette systemet.
Me vil også lage til UsynligO – løyper på Nesflaten og Sand.

Meir informasjon om O-våren vil kome frå oss i styret. Både på SMS frå Michael, på heimesidene våre her og på facebook-sida vår.

Vår oppfordring – ta turen ut – no i mindre grupper – med kartet i handa også i vår.

Alle postar kartet kan takast som Tur-Orientering 🙂

Legg att eit svar