Supre Løyper frå Suldalshallen

Onsdag den 27. november arrangerte Suldal O-lag den 3. Vinter-O-karusellen for vinter-sesongen 2019-20. Det var eit flott løpsvêr, med 6 grader, opphald og lite austavind. Denne gongen var det litt færre unge som deltok, medan det blei hard konkurranse igjen i mellom-løypa. Totalt var det 14 deltakarar med denne kvelden.

Stor fart i løypene
I kortløypa var det denne gongen berre Marte Krogh som deltok, men ho løp sikkert og godt, og fann postane på det nye sprintkartet i fin stil.

Marte på veg inn mot 3. posten

I mellom-løypa var det heile 6 deltakarar som sprang på tid. Silje Nerheim, lovande langrennsløpar i Suldal IL Ski, har god løpsform for tida. Ho vann mellom-løypa med klar margin.

Silje Nerheim på full fart mot mål

I lang-løypa dukka Stig Morten Nerheim opp denne gongen, og sjølv om han har vore skada ei tid, gjekk det unna denne kvelden. Han sprang den 3,2 km lange løypa, i luftlinje på raske 21:31, og var bortimot 3 minutt føra Alf Odden, som og sprang godt. Man denne gongen hadde han hatt litt tidstap med litt bommer på nokre av postane.

Stig Morten i godt godt driv i løypa

Her finn du fleire bilder frå kvelden.

Mange med i løypene frå Sand skule
I år har Suldal O-lag kombinert treiningsløpa med skule-orientering for skulane i dalføret. Både Nesflaten skule, Sand skule og Vinjar skule har fått dette tilbodet no før jul, og det har vore ein suksess. I denne veka har heile mellomsteget på Sand skule, om lag 55 elevar, samt 10. trinnet sprunge Gate-O-løp i nærleiken av skulen. Så sånn sett kan me seie at bortimot dei unge er i stort fleirtal også på dette treinings-O-løpet. Totalt blir det nesten 100 personer som har prøvd seg med kartet i handa denne veka.

Få med dykk siste Vinter-Karusellen før jul
Neste onsdag går det 4. gate-O-løpet på Suldalsosen. Det blir anten frå skule-området, eller frå den nye speidarhytta i Mehushaugen. Vinjar skule vil få tilbod om å nytte O-løypene komande veke, og me håper på ein solid rekord i talet på deltakarar på kvelden.

Alle i heile Suldal kommune er hjarteleg velkomne til å delta. Gratis kart får du av oss i Suldal O-lag.

Me sjåast onsdag 4. desember på Suldalsosen kl 18.00

Resultat for 3. Vinter-O-Karusellen, 27. november 2019:

Plass Namn Tid
Kort løype, 1,5 km:
1 Marte Krogh 18:49
Lang løype, 3,2 km:
1 Stig Morten Nerheim 21:31
2 Alf Odden 24:29
3 Jon Nærheim 32:20
Mellom løype, 2,4 km:
1 Silje Nerheim 24:00
2 Bibbi K. Olesen 28:40
2 Sissil Egge 28:40
4 Øyvind N. Fjellhaugen 32:03
5 Torkel Myklebust 32:07
6 Kari Myklebust 34:19
Trim:
Magnar Nerheim
Jan Erik Kristensen
Odd Rune Malerbakken
Michael Willig Løypeleggjar

Legg att eit svar