Knallbra O-løps kveld på Nesflaten

Onsdag den 20. november gjekk den andre, av totalt 6 Vinter-O-Karusell-løp, av stabelen. Og som vanleg var det mange med, som det er kvar gong Suldal O-lag har trenings-O-løp lengst nord-aust i kommunen. Totalt var det 18 store og små med i større eller mindre grad denne kvelden. Denne gongen var det 1/3 barn som deltok på sjølve løpet. I tillegg var heile Nesflaten skule ute i løypene både ein og 2 gonger kvar, så totalt sett deltok nesten 50 personer i O-løypa denne veka.

Jamnt i teten i Mellom-løypa
Det blei jamnt og tett mellom dei 4 spreke, unge damene som stilte i den 2,3 km lange løypa denne kvelden, og før start var det ivrig diskusjon om kva vegval som ville vere raskast på langstrekka. I tillegg var det tendenser til nervøsitet under oppvarminga før dei starta. Else Kristin Hilde Krogh gjekk først ut, og var også først i mål på ei god tid. Men så kom Bibbi Olesen, som hadde rekruttert ei ny dame til O-sporten. Anita Austarå er lokalkjent på Nesflaten, og ho og Bibbi var i mål dryge minuttet føre Else Kristin. Men raskast denne kvelden blei likevel Marit Eikeland. Ho er skapt for løping, og i mål var ho igjen over minuttet føre Bibbi og Anita.

Bibi Olesen og Anita Austarå
Marit Eikeland og Else Kristin H. Krogh

Alf Odden løp igjen eit svært godt løp. Han klokka seg inn på 24,37 på ei løype som var 3,4 km i luftlinje. Det er svært raskt. Me håper at Stig Morten Nerheim og Tom Steinar Nærheim stiller i langløypa komande onsdag. Då kan det bli interessante oppgjer også i langløypa.

Alf Odden – godt løp etter lang og god oppvarming

Kort-løypa blei vunne av Marte Krogh, som verkeleg har fått teften for kartlesinga. Ho løper fort også.

Marte Krogh studerar kartet før start
Josef Bråtveit – Har full kontroll på kor han har sprunge og teiknar inn vegval. Totalt sprang han 3 løyper! 2 på skulen og så mellom-løypa på kvelden!

Få med deg 3. Vinter-Karusell på Sand
Komande onsdag er det nytt gate-O-løp, denne gongen frå Sudalshallen, onsdag den 27. november, kl 18.00. Alle som har lyst til å prøve seg er hjarteleg velkomne. Hugs refleksvest og hodelykt.

Det er stadig 3 løyper velgje mellom, og du kan ta løypene som trim.

Resultat 2. Vinter-Karusell, 20.11.2019

Kort løype, 1,7 km:

1 Marte Krogh 21.45
2 Sander Havrevoll 38,52
2 Kevin Havrevoll 38,52

Elise Bråtveit Fullført

Sina Laurenson Vetrhus Fullført

Mellom løype, 2,3 km:

1 Marit Eikeland 19,10
2 Bibbi Olesen 20,37
2 Anita Austarå 20,37
4 Else Kristin H. Krogh 22,25
5 Øyvind N. Fjellhaugen 28,49
6 Josef Bråtveit Fullført

Lang løype, 3,4 km:

1 Alf Odden 24,37
2 Michael Willlig 37,50

Trim:

Magnar Bråtveit

Lena Bråtveit

Kjell Arne Havrevoll

Arrangør: Jan Erik Kristensen og Albert Nærheim

Legg att eit svar