Flott start på Vinter-O-Karusellen 2019-20

Det var god stemning i Maleniusåsen 4 då sesongens første Vinter-Karusell-løp i orientering gjekk av stabelen, onsdag 13. november. Det blir tidleg mørkt no i november, og det var kolmørkt då 16 løpere stilte til start utstyrt med refleksvest, hodelykt og kart. 19 poster var på førehand utplassert i området Prestaåsen, Randåsen, Klypa og Maleniusåsen, med Sidsels garasje som samlingsplass. For anledninga var det også full fyr i bålpanna. Etter løpet vanket det varm blåbærsaft til blide og god nøgde løparar. Totalt var det nesten 20 deltakarar med arrangør, hund og heiagjeng som var på plass på det første gate-O-løpet denne vinteren. Ekstra gledelig var det at heile 5 unge løpere deltok med liv og lyst.

Kort-løypa med flest deltakarar
Heile 5 unge O-troll stilte til start denne kvelden, og det blei relativt jamnt i løypa. I mål var Marte Krogh drygt 20 sekund før Lina Helen Eikeland.
I Mellom-løypa var Bibbi Olesen relativt suveren. Ho spring lett og fann postane greit, og var vel 5 minutt føre nestemann i løypa Øyvind N. Fjellhaugen.

Berre 3 deltakarar valde seg langløypa som blei noko forkorta då Sidsel ikkje fann fleire O-skjermer på klubbhuset. Her har me nok rydda for mykje i haust 🙂 Alf Odden, ein tidlegare svært så habil O-løpar frå indre Østlandet, fann ut at han ville prøve seg på Gate-O-løp igjen. Han vann i suveren stil snautt 12 minutt føre Jon Nærheim.

Alf Odden til venstre med rød lue – Vinnar av langløypa

Få med deg resten av Treningsløpa i Vinter
I år består den såkalla vinter-O-Karusellen av 6 O-løp, der 4 av desse er kvar onsdag framover til byrjinga av desember. Komande onsdag, den 20. november, er det frammøte på Nesflaten skule til det 2 løpet i karusellen. Det er start mellom 18.00 -18.45. Terminlista for resten av løpa finn du på heimesidene til Suldal O-lag under terminliste , og i Suldalsposten under Dette skjer.

Her kan du velgje mellom 3 ulike løyper med ulik lengde og vanskegrad, og du velgjer sjølv om du vil springe på tid, eller berre ta turen som trim. Generelt er det relativt enkel orientering på vinteren, dette fordi løypene stort sett følgjer veger og gongstier. Det gjer at alle som vil kan prøve seg, sjølv om dei ikkje kan så mykje om kart frå før.

Så, har du lenge hatt lyst til å lære deg litt om kart og kompass, er dette ein god måte å begynne på.

Du vil få ein god innføring i korleis kartet kan brukast, før du legg ut på jakt etter postskjermane. Desse er i tillegg utstyrt med reflekser for å gjere det enklare å finne posten i mørket.

Både kartet og starten er gratis, og både gamle O-løparar, og du som heilt fersk, er hjerteleg velkomne.

Resultat 1. Vinter-O-Karusell:

Kort løype:

1 Marte Krogh 32.20
2 Lina Helen Eikeland 32.42
3 Mari Hoftun 35.42
3 Signe Hoftun 35.42
5 Håvard Eikeland 40,17

Mellom løype:

1 Bibbi Krobat Olesen 31.57
2 Øyvind Nærheim Fjellhaugen 36.17
3 Torkel Myklebust 39.13
4 Else Kristin Krogh 41.08

Lang løype:

1 Alf Odden 28.59
2 Jon Nærheim 40.27
3 Michael Willig 44.42

Trim:

Siri Helstrup

Ingjerd Hindenes

Jan Erik Kristensen

Marit Eikeland

Arrangør og skribent: Sidsel Økstra

Legg att eit svar