Vinter-O-Karusellen er klar

O-laget har no hatt ein liten pause i O-løpa, men no blir det full rulle igjen. I dag, laurdag den 9. november er det klart for medlemsmøte på vidaregåande skulen på Sand kl 14.00, og i neste veke er det snart klart for 1. løpet i Vinter-Karusellen.

Vinter-O-karusellen er gate-orientering og O-laget har totalt 6 løp gjennom vinteren, fram til påske. På desse løpa er det viktig å kle seg etter vêret, samt ha på hodelykt og refleksvest. Då blir du sett i haust- og vintermørket.

Komande onsdag, den 13. november, er det klart for det 1. løpet i Karusellen. Me møtast kl 18.00 i Suldalshallen, og her kan du velgje mellom 3 ulike løyper; kort-, mellom- og lang løype.

Her finn du no Terminlista: Du kan òg laste ned terminlista som PDF her:
http://wp.suldal-o-lag.no/wp-content/uploads/2019/11/Terminliste-for-Vinter-2019-20-Suldal-O-lag-klar.pdf

Meir om medlemsmøtet i dag finn du her: https://www.facebook.com/events/427353444635113/

Legg att eit svar