God deltaking på Sommar-Karusellen 2019

Suldal O-lag har hatt ein flott Sommar-sesong dette året, med god deltaking på nær alle av dei 12 treningsløpa som inngår i Sommar-Karusellen. Totalt har 94 store og små prøvd seg i eit eller fleire av treningsløpa denne sesongen.

Samanlagt lista er no klar, og det vil premieutdeling til dei unge som har delteke i minst 3 av løpa. Totalt skal 11 unge ha premie for Sommar-Karusellen 2019. Dei er utheva me gult i kort- og nybyrjar-løypa. Premieutdelinga blir i dag på medlemsmøtet.

Lurte du forresten på kva løype som har flest deltakarar? Det er Kort-løypa me heile 29 O-troll. I trimklassen finn me 24 deltakarar. Her er mange av foreldra som er med ungane i løypa.

Her finn du no samanlagt lista som PDF-fil:

http://wp.suldal-o-lag.no/wp-content/uploads/2019/11/SOMMAR-KARUSELLEN-2019-SAMANLAGT-resultatliste.pdf

Og her kan du sjå bilde av dei ulike klassane:

Legg att eit svar