Klubbmeisterskapen 2019

Klubbmeisterskapen for Suldal O-lag blei i år arrangert frå Gullingen skisenter. Grunna litt kollisjonar blei det løpt over 2 dagar, men desverre var det ikkje så mange som hadde råd å springe denne veka. Totalt var det 13 deltakarar med, og ingen unge løparar.

Mellom-løypa blei vunne av Ingjerd Hindenes, føre Øyvind Nærheim Fjellhaugen og Magnar Nerheim.

I langløypa blei det litt dramatikk. Stig Morten kom inn, og hadde skjada seg i kneet. I tillegg mangla han ein post, så klubbmeistaren i langløypa blei Tom Steinar Nærheim.

Me gratulerar begge Klubbmeistrane.

Her finn du resultatlister og strekktider frå Klubbmeisterskapen 2019:

http://www.suldal-o-lag.no/resultat/2019/0910-breiastolsdal/

Legg att eit svar