Bli med på Familie-O-leir

No kan du endeleg få vere med på O-leir i Gullingen-området.
Det er ein del år sidan O-laget hadde leir, så dette må du få med deg!

Me ligg på Røde Kors hytta frå laurdag ettermiddag til søndag, den 7. og 8. september. Leiren passar for alle, og barn under 10 år må ha med seg ein vaksen.
Leiren er gratis for medlemmer, og O-laget held alle maten.

Under finn du program og korleis du melder deg på. Bli med – dette blir kjempekjekt !

Her kan du laste ned innbydelsen til O-leiren som pdf:
Innbyding til O-leir

Program:

Laurdag 7. september:

16.30-17.00        Frammøte på Røde-Kors hytta.

17.30                   Bingo-orientering – frå Bålstova

19.00                   Mat – Kyllingsuppe med brød

20.00                   Skattejakt med hodelykt

22.00                   Ro

Søndag 8. september:

08.30                   Frukost

10.00                   Tur med kart til driftaskaret

12.00                   Lunch og pakking

13.30                   Kano-orientering / værforbehold

15.00                   Takk for denne gongen!

Ta med – Pakkeliste:

  • Treningstøy og passande sko
  • Kompass – viss du har
  • Ullundertøy, sokkar,
  • Vottar/hanskar og lue
  • Regntøy
  • Innetøy og kortstokk J
  • Toalettsaker og håndkle
  • Badetøy ???
  • Sengeklær/lakenpose eller sovepose
  • Hodelykt – om du har
  • Redningsvestar til barn under 40 kg. Me har vestar til dykk andre.
  • Godt humør – underholdning på kvelden ??

Påmeldingsfrist:              Tysdag 3. september kl 20.00

Påmelding til:                   Jan Erik på telefon; 980 69 201, SMS eller Messenger.

Velkomen til O-leir med Suldal O-lag

Legg att eit svar