Flott start på Sommar-Karusellen 2019

Førre onsdag var det endeleg klart for den 1. Sommar-karusellen i orientering. Vêret var flott, og heile 34 deltakarar med stort og smått møtte forventningsfulle fram til gode løyper av Øyvind og Jon med oppmøte i Mehushaugen på Suldalsosen. Det er svært gledeleg at så mange unge og foreldre frå O-kurset er blitt med vidare på det første treningsløpet til O-laget. 12 unge O-troll var med denne kvelden.

God deltaking i alle løypene

I nybyrjarløypa har dei fleste av deltakarane følgje med ein vaksen. Dermed blir O-løpet ein flott aktivitet for heile familien. Og i Nybyrja-løypa er det viktigaste å finne postane. Så her er alle vinnarar. Dei vaksne finn du igjen på lista over trimmarar.

Kortløypa var denne gongen løypa som hadde flest deltakarar. Blant dei unge var det Marthe Krogh og Ella Tjøstheim som hadde best tid, men også her er det viktigaste å finne postane.

Ella Tjøstheim og Marthe Krogh i parløp og klare til å starte!

I mellom- og langløypa finn du dei som har vore med i O-sporten ei stund. O-veteranen Magnar Nerheim var raskast i mellom-løypa, medan Tom Steinar Nerheim hadde beste tid i langløypa.

Magnar Nerheim har vore med sidan klubben starta i 1980 !

Her kan du sjå online resultat med strekktider frå post til post:

http://www.suldal-o-lag.no/resultat/2019/0508-vinjar/

Alt klart for 2. Sommar-Karusell i Stegåsen
Onsdag den 15. mai kan du igjen prøve deg med kartet i handa. Oppmøteplassen er Joagarden barnehage, der du må gå opp stien til Jonsokplassen for å finne løypeleggjaren Stig Morten Nerheim. Det vil henge eit kartoppslag med beskrivelse av kor du går ved barnehagen. Igjen er det 4 ulike løyper å velgje mellom denne kvelden.

Me sjåast på Jonsokplassen litt før kl 18.00 på onsdag.

Reultatliste for 1. Sommar-Karusell 2019:

Nybyrjar: Løypelengde: 1,5 KM Antall poster: 10
Navn Tid Poeng
Havrevoll,Amund Hiim Fullført 1000
Havrevoll,Astrid Fullført 1000
Havrevoll,Vetle Hiim Fullført 1000
Hoftun,Mari Fullført 1000
Vik,Cecilia Fullført 1000
Kort: Løypelengde: 1,6 KM Antall poster: 11
Plass Navn Tid Poeng
1 Krogh,Raymond 28:03 + 00:00 1000
2 Tjøstheim,Ella 31:05 + 03:02 902
3 Krogh,Marte 31:08 + 03:05 900
4 Kral,Ondra 35:02 + 06:59 800
5 Sørestad,Anders 37:59 + 09:56 738
6 Tjøstheim,Vilde 38:16 + 10:13 733
7 Lunde,Agathe 38:18 + 10:15 732
8 Steine,Sindre 40:20 + 12:17 695
Mellom: Løypelengde: 2,2 KM Antall poster: 14
Plass Navn Tid Poeng
1 Nerheim,Magnar 53:03 + 00:00 1000
2 Krogh,Else Karin 1:04:36 + 11:33 821
3 Myklebust,Kari 1:04:48 + 11:45 818
4 Steine,Lena 1:07:26 + 14:23 786
5 Malerbakken,Odd Rune 1:11:50 + 18:47 738
6 Nærheim,Albert 1:14:12 + 21:09 714
7 Helstrup,Siri 1:16:11 + 23:08 696
Lang: Løypelengde: 2,7 KM Antall poster: 14
Plass Navn Tid Poeng
1 Nærheim,Tom Steinar 31:50 + 00:00 1000
2 Kristensen,Jan Erik 34:45 + 02:55 916
3 Økstra,Sidsel 42:15 + 10:25 753
4 Vik,Sindre 51:25 + 19:35 619
5 Blesvik,Reidar 52:07 + 20:17 610
Trim: Løypelengde: 1,5 KM Antall poster: 10
Navn Tid Poeng
Havrevoll,Dagfinn Fullført 1000
Havrevoll,Kari Fullført 1000
Lunde,Anna Fullført 1000
Nærheim,Kjetil Fullført 1000
Olimstad,Ingvar Fullført 1000
Tjøstheim,Turid Fullført 1000
Vik,Anita Fullført 1000

Løypeleggjarar: Øyvind N. Fjellhaugen og Jon Nærheim

Legg att eit svar