Rekord-deltaking på Kurs i Orientering 2019!

Kurs i orientering 2019 hadde utruleg god deltaking 🙂 No har me endeleg fått fintelt alle deltakarane…!!

Heile 36 unge O-troll fullførte kurset med 2 eller fleire gonger på kurs :-)Totalt var det heile 63 deltakarar med stort og smått som var innom ein eller fleire av kurs-kveldane 🙂 Og med 10 instruktørar så var me nær den magiske grensa på 75 🙂

Me ønskjer alle nye medlemmer velkomne til det første løpet i Sommar-Karusellen, onsdag 8. mai i Brakåsen 🙂

Her kan du nå sjå biletgalleri frå dei 2 kurskveldane med medlemsmøtet 🙂

Meir kjem etter kvart…..

Legg att eit svar