Tur-Orienteringa 2018

Tur-orientering er ein familievenleg måte å koma seg ut på tur, til stader ein vanlegvis ikkje går. Suldal O-lag har i mange år hatt dette tilbodet til alle innbyggjarane i Suldal kommune, og mange av dei som deltek kvart år spring ikkje O-løp til vanleg. I tillegg er det mange hyttefolk i Gullingen-området som får seg fine turar med tur-o-kartet i handa.

I 2018 har alle 60 postane vore i Gullingen-området; Skuteheia, Gullingen, Hedlebrekk og Sandsa. På Sandsakartet fekk mange seg flotte turar i eit nytt terreng – innover frå Gamlestøl opp til Nyastøl.

Opninga i turorienteringa var i grillhuset ved leirskulen. Det var få deltakarar, men mykje knott. Pga brannfare vart det ikkje grilling slik det brukar å vera.

I år har 35 levert inn kontrollskjema, litt færre enn vanleg. Det kan skuldast den varme sommaren følgd av svært våt haust.

Det er mange ivrige deltakarar. I år kan me gratulera fylgjande plakettvinnarar:

Øyvind Fjellhaugen 5 år

Marta Tjordal 5 år

Torbjørg Olimstad 15 år

Inger Bråtveit 20 år

Egil Fugleberg 30 år

Jostein Granli 35 år

Rekrutteringa er god ! Dette året har me 9 debutantar.

Tur-O-gruppa i Suldal O-lag har i år trekt ut 3 gåvekort blant dei som leverte inn kontrollskjemaet. Vinnarane vart: Øyvind Fjellhaugen, Egil Fugleberg og Monja Goa Bråtveit, 6 år.

Helsing tur-orienteringsgruppa i O-laget.

 

 

 

 

Legg att eit svar