Nydeleg haustvêr på Skoddvoll

Det blei ein nydeleg dag på haustens 2-mannstafett med påfølgjande medlemsmøte lørdag den 27. oktober.  I mange år har O-laget arrangert dette på Sand, men i år prøvde me oss på det nye kartet på Nesflaten, nærare bestemt på Skoddvoll, rett nord for bygda. Vêret var strålande med sol og nesten vindstille, og sjølv om det hadde vore kjølig på natta, varmde haustsola godt mellom furuleggane. 



Kjekt med trenings-stafett
2-mannstafetten, er no blitt eit årleg fenomen før hausten sitt medlemsmøte i Suldal O-lag. I utgongspunktet treng ein då berre 2 personar på laget, der 1 spring 2 etappar kvar. Lagene blir sett saman etter beste evne slik at både dei erfarne og dei unge løparane får prøve seg i stafett. Totalt var det 6 lag og 14 personar som løp stafetten, og alle var godt nøgde med at løypene i år gjekk i skogen, og ikkje på gater og rundt bygninger nede på Sand.

God stemning på medlemsmøtet på Nesflaten skule
Etter at O-stefetten var unnagjort, reiste alle ned til skulen på Nesflaten for medlemsmøtet der pizzaen i år blei levert av Energihotellet. Omlag 30 personar med stort og smått var svært nøgde med maten. Så var det tid for premieutdeling for Sommar-Karusellen 2018. I år har O-laget hatt 12 Sommar-Karusellar, der det eine løpet også talde som Klubbmeisterskap. Over 100 personar har delteke på eit eller fleire av O-løpa til klubben i år, og på den første Sommar-Kaurusllen sette O-laget ny deltakar-rekord med 63 små og store O-løparar. Alle unge som har vore med i minst 3 O-løp gjennom sesongen fekk premie. 16 O-troll fekk premier, men opptelling av alle som har vore med 1 eller fleire gonger viste heile 40 unge O-løparar. 

Vinter-O-Karusellen er snart i gong
I år har styret i O-laget gjort ein vri på gate-O-løpa. dei fire første løpa går kvar onsdag i november, der første løpet arrangerast frå Suldalshallen, førstkomande onsdag den 7. november kl 18.00. Sjå elles terminlista for sesongen. Dei 2 siste gate-O-løpa er i slutten av mars når vårsola igjen byrjar å varme. Desse O-løpa har enkle løyper,  med 3 ulike vanskegrader og lengde. Alle løypene kan i tillegg takast som trim, utan tidtaking. Og O-laget ønskjer alle velkomne til desse arrangementa, også om du ikkje er medlem i O-laget.

Vel møtt på Vinter-Karusellane i november!!

Her finn du terminlista for Vinter-sesongen 2018-19 med plan for O-kursa på våren:  Terminliste for Vinter-2018-19-Suldal O-lag

 

Resultat frå 2-manns-stafetten på Skoddvoll
2-manns-stafetten er ein treningstafett, og her er alle som stiller opp vinnarar.
Rekkjefølgja i mål vart likevel:
1. Siri Helstrup/Tom Steinar Nærheim
2. Øystein Tveit/Sidsel Økstra
3. Silje Nerheim/Magnar Nerheim
4. Josef og Elise Bråtveit/Stig Morten Nerheim
5. Maria Lunde/Trond Nærheim
6. Odd Inge og Jone B. Bakka/Jan Erik Kristensen

 

Legg att eit svar