Vått – men flott på KM langdistanse i Suldal

Då er KM langdistanse 2018 vel gjennomført av Suldal O-lag. Styret i O-laget har arbeida jamnt og trutt med dette arrangementet sidan i fjor haust.  Då fekk me henvendinga frå Rogaland O-krets om me kunne ta på oss KM i langdistanse. ROK ville òg gjerne ha 2 KM-løp denne helga, med KM stafett på søndagen. Denne blei arrangert av Sauda O-klubb. Etter ein del diskusjon om helg landa begge klubbene på denne helga midt i august, omtrent til skulestart. 

Første løper ut frå starten ved Hovestølen


Rekord-deltaking

Det er eit stort løft for ein relativt liten O-klubb som Suldal O-lag å ta på seg eit KM-arrangement, men det har klubben gjort 3 gonger sidan 2013. Normalen er at klubben vår arrangerar eit større løp med 2 års mellomrom, men no var det gått 3 år sidan me arrangerte KM mellomdistanse på Augnastølskartet i juni 2015. Det året passerte me så vidt 150 deltakarar. Noko som er bra i Rogaland. Men på lørdag slo me alle rekorder, i alle fall på denne siden av milleniumet. Totalt var det 185 påmeldte løparar til KM’et, og 177 av desse kom til start. Og tek me med dei som gjekk Småtroll, der Maj Britt Bjørke og Ingrid Nafstad Lyftingsmo hadde regien, var det totalt 183 startende !! Fantastisk!

Småtroll generalen Maj Britt og Ingrid

Og dette kunne me ikkje ha klart utan alle dei friviljuge som stilte opp. Mange av dei som var med og arrangerte er ikkje lengre aktive, men stiller villig opp når Suldal O-lag arrangerar større løp. Nokre av dei som bør nemnast her er Mikkel Havrevoll, Oddvar og Ingjerd Mehus, Johannes og Maj Britt Bjørke og Leiv Vanvik.

I tillegg må me også nemne super-veteranane våre som enno er aktive. Magnar og Albert. Magnar er den mest erfarne av oss alle på kva som skal til på eit slikt arrangement, og var i år super-konsulent på dei fleste områda. Albert har slitt med ein ankel etter operasjonen i vår, men var overalt og hjalp til der det trengtes. Elles var familien Helstrup/Hindenes vel den familien som hadde flest med i arbeid. Her stilte 4 av 5 familiemedlammer opp.  

Nøkkelrollane i arrangementet
Løpsleiar: Sidsel Økstra og Odd Rune Malerbakken (speaker)
Løypeleggjar: Jan Erik Kristensen
Kontrollør: Reidar Blesvik
Sekretariat: Michael Willig
Samlingsplass: Heine Moe Willig og Jon Nærheim
Kiosk: Siri Helstrup
Parkering: MIkkel Havrevoll

Løpsleiarane Sidsel Økstra og Odd Rune Malerbakken

Mange nye også i dugnadsgjengen på KM i år
Det gror godt i klubben vår med mange nye familier etter kvart. Og i år var det fleire av dei aktive og foreldre som stilte opp på dugnad. Det er svært gledelg og nyttig med tanke på seinare arrangement. Mange av desse sto på utandørs i relativt mykje vêr, men den som nok blei blautast av alle var nok Lars Fisketjøn. Han sto vakt ved den eine vadeplassen med tau over Ås-åna, og han var uti elva til over knea kvar gong det kom ein ny løpar til passering! Det var mange som skrøytte av den hjelpande handa hans der i elva.

Alle dei andre skulle òg vore nemnt i denne samanhengen, og styret vil rette ei stor takk til alle som var med og gjorde dette KM-løpet til ein stor suksess, både for Suldal O-lag og for Rogaland O-krets.

Frå starten – Martha Øvstebø klar til start -Suldalsløparar på premieutdelinga

God deltaking frå Suldal O-lag på KM’et
Det var mange unge med på KM lang denne lørdagen. Fleire av desse deltok på Kretsløp og KM for første gong. Av totalt 17 Suldals-O-løparar var heile 10 av dei frå 13 år og yngre.


Totalt fekk me 3 førsteplassar; Ask Strømme Lyftingsmo i H11-12N, Silje Nerheim I D13-16 N, og ein andre, tredje og fjerdeplass i dei lulike klassane. Og alle dei unge fekk premie.  I løypa B-open som hadde heile 17 deltakarar, var det Jon Nerheim som var raskast. Her blei Øyvind N. Fjellhaugen også nr 3. Øystein Tveit stilte i H11-12, som er ei C-nivå klasse. Her var det 14 deltakarar med, og Øystein blei nr 7.
Ingri Helena Havrevoll stilte til start i meisterskapsklassa D13-14. Her er det B-nivå på løypa, og ho klarte seg bra.Ho fekk ein god bomtur på ein av postane, men det var mest på grunn av kartet, og den nye grusa stien som ikkje kom med i revideringa i juni. Utan denne bommen kunne ho ha kjempa om bronseplassen i klassen. Det kan me sjå ut frå strekktidene på Eventor. 

 Nokre av Suldalsløparane klare til start

Øvrige resultat frå klubben finn du her:
Suldal O-lag sine løparar på KM

Gode løp i KM-klassane
Trass i mykje regn både før og under KM lang, var det gode løpstider og svært jamnt i dei større meisterskapsklassane.
I H21 var det berre 17 sekunder mellom 1.  og 3. plassen, og det etter 10,6 km i luftlinje og 22 poster å bryne seg på. Ørjan Ravndal frå Ålgård Orientering var i mål 9 sekund raskare enn Klubbkamerat Ola Martin Laugaland. John Duncan, tidlegare verdsmeister for England i stafett, no Sandnes IL løpar, var tett bak berre 17 sekund etter. 

Ørjan Ravndal løper inn til siger i H21 / Medaljevinnarane i H21

I D21 var Aud H Taksdal igjen suveren. Ho løp den 7,5 km lange løypa på 66.06, og ho var heile 10 minutt føre nr 2.

Samanliker me hennar tid med tidene i H40 var ho ikkje langt bak vinnaren Lars Sigve Oftedal på 62.27. Han slo sølvmedaljør Tor Magne Svendsbø frå Vikebygd IL med fattige 20 sekund. Det var også sekundstrid i H50, der Stein Arne Olsen frå Stavanger OK, var 22 sekund føre Kjetil Wirak frå same klubb.

Etter kvart kjem det bilder frå resten av premieringa….

Her finn du fullstendig resultatliste for KM langdistanse:
Resultat KM langdistanse 18 august 2018

Fleire bilder frå KM langdistanse finn du på Suldal O_lag si facebook sida her:

Suldal O-lag på facebook – mange bilder frå KM

Då gjenstår det å takke alle O-løparane får heile Rogaland og ein frå Bergen som deltok på KM’et vårt.

 

Legg att eit svar