Velkomen til KM langdistanse i Suldal

Det nærmar seg haust-sesongen for O-løparar, både i Suldal O-lag og resten av Rogaland O-krets.  I år er det Suldal O-lag som er arrangør av Kretsmeisterkapen i langdistanse for Rogaland. Sidsel Økstra og Odd Rune Malerbakken er løpsleiarar, Michael Willig er sekretariatsleiar og Jan Erik Kristensen er løypeleggjar. I tillegg er det bortimot 30 friviljuge med på arrangementet frå klubben. Bilda er frå sist gong klubben arrangerte KM i 2015. Då gjekk løpet frå Markosvatnet.

    

Kor og når?
KM  lang har samlingsplass på Gullinghuset ved Mosvatnet, og dagen er laurdag 18. august. Første start er kl 14.00, og det er omlag 15 minutt å gå frå samlingsplass til starten ved Hovestølen.

Påmelding til løpet gjerast på Eventor.

Her finn du innbydinga til KM-lang: innbyding KM Langdistanse 2018 suldal O-lag klar

Påmelding for klubbens løparar
Sjølv om dette er eit KM for heile Rogaland, er det klassar og løyper som passar for alle. Me håper at så mange som råd vil prøve seg denne lørdagen. Og det er også rom for at vaksne kan medle seg på om dei ikkje er opptekne med arrangementet.

Dei unge løparane i klubben bør velgje  å løpe slik:

  • Under 9 år: N-open – dette er ei løype der ein startar får samlingsplass, og kan starte når ein vil. Her er det også vanleg at foreldre, større søsken er med.
  • 9-10 år: H/D 11-12-Ny. Dette er ei enkel nybyrjar-løype, men denne startar frå  Hovestølen (15 min å gå). Løparane kan løpe i parløp, aleine aller bli skyggja av foreldre. Men dei kan òg velgje den første klassen om dei er usikre.
  • 11-14 år: H/D11-12 ny, H/D 13-16 ny, er nybyrjar-løype alternativet. Men ein kan òg gå opp til C-nivået som tilsvarar kortløypa på våre klubbløp. Klassane heiter då H/D 10, H/D 11-12, og C-åpen. Det høgaste nivået, som kan passe for kanskje ei jente i klubben… er D13-14. Dette er ei B-nivå løype som tilsvarar ein mellomting mellom kort og mellom-løypa i klubben.  

Sjå elles i innbydinga ved å følgje lenkja over.
Påmelding for klubbens løparar kan gjerast til: Påmeldings-ansvarleg: Michael Willig, « : Tlf: 990 25 831  E-post: michael@suldal-o-lag.no

Det vil kome meir informasjon om KM-et utover i neste veke.

Suldal O-lag ønskjer alle velkomen til Gullingen-området for KM lang.

 

 

Legg att eit svar