Snart klart for årets Tur-Ski-Orientering

P3050020Suldal O-lag er einaste O-klubben i Rogaland som tilbyr ski-orientering for turgåarar. Og kartet, med plass til å skrive ned kodar, er gratis!

I år blir det 35 postar å finne for skiglade turgåarar med sans for kart. Dei aller fleste postane ligg i nærleiken til skiløyper, som også er innteikna på Gullingen-kartet.

Alle postane og ferdige kart er klare til starten av vinterferien, fredag den 24. februar.

P2080158

 

 

 

 

 

 

 

Her får du tak i kart
Kart er kopiert opp og er lagt ut hjå:

  • Sand Sport
  • Suldal Sportsfiske
  • Gullingen Turistsenter

Og her kan du laste ned heile kartet i pdf:

 pdf  TUR-SKI-O_-_Suldal_O-lag_2017_klar.pdf

Om du ønskjer å skrive ut kartet er det best i A3-format.

2 ulike premier i år – les meir

Dei som klarar 20 poster eller meir, kan levere inn skjemaet innan 1. mai på dei same plassane som karta er å få tak i. Hugs å føre på namn, adresse tlf, nr og ev. e-post. Det blir trekt ut gåvepremiar blant dei som sender inn.

Fotopremie
Nytt av året er O-laget sin Tur-ski-O fotokonkurranse. Ta med kamera på turen, knips eit blinkskot i frå Turski-O-turen, og send til styret i O-laget på e-post:  styret@suldal-o-lag.no

Du kan også leggje ut bilde på facebook-sida til O-laget:  https://www.facebook.com/SuldalOlag/

Dei beste bileta blir premierte.

Postane ligg ute til og med 2.påskedag, 17. april

Helsing styret i Suldal O-lag

Legg att eit svar