Fantastiske forhold og stor deltaking på KM-mellomdistanse i Suldal

DSC_0067

Me har litt problem med å få lagt ut online resultat på Eventor. Men her kan du sjå resultatlista i PDF-format

pdfResultat_KM_Mellomdistanse_21-juni_2015.pdf

Og her kan du no finne strekktider og online resultat for løpet: http://suldal-o-lag.no/resultat/2015/0621-augnastol/

Det blei ein strålande dag på årets KM Mellomdistanse for Rogaland, arrangert av Suldal O-lag. Samlingsplassen i nordenden av Markosvatnet, ga òg ei fin og intim ramme om arrangementet. Det er ikkje få dugnadstimar som er blitt lagt ned av medlemmane i laget vårt, men no kan me seie oss vel nøgde med godt arbeid.
Ein stor takk til alle som har vore med å hjupe til med O-løpet

Kjempegod påmelding
Styret i Suldal O-lag hadde sett som mål å få 150 deltakarar til dette KM’et. Og det blei meir! Med alle etteranmeldingane var heile 166 påmeldte til løpet. Og over 150 store og små O-løparar konkurrerte med seg sjølv og kvarandre i skogen denne søndags føremiddagen. Det er ekstra kjekt at det er så god påmelding i klassen N-open. Her var det heile 32 påmeldte og 29 som fullførte i fin stil. I denne klassen er alle vinnarar, og det er kan hende morgondagens kretsmeistrar me finn her. Elles var løypeleggjaren ei stund redd for å få for lite kart i H17 og D17. Men det heldt akkurat. I H17 var det 39 påmeldte og 35 som starta, medan dameklassen D17 var på rekordstore 21 løparar!!

Mange SOL-løparar med i kretsløp for første gong
Sjølv om me arrangerte KM, var det også mange som fekk springe. Suldal O-lag hadde totalt 14 påmeldte løparar, der 10 av desse var under 16 år. Det er svært gledeleg og lover godt for dei komande åra. Resultatmessig gjekk det også ganske bra.
I N-open var alle vinnarar; Lina Helen Eikeland, Ella Tjøstheim, Ingrid Helena Havrevoll, Rine Fermann Jordebrekk, og Sander Havrevoll fann alle postane greit og fekk velfortjent premie.

Medljaevinnarane_i_H13-14_Jone_odden_til_venstre_nr_2

3 KM-medaljar og 1 siger i H70 for Suldal O-lag
Av dei 4 lokale som kunne ta medalje, fekk 3 av dei dette.
Jone Odden hadde gullet i sikte fram til 7. posten. Men her gjekk han på ein lei bom, og i mål vart han nr 2 i klassen. han tok dermed KM-sølv.
Ingjerd Hindenes hadde også ein bom på same posten, og blei nr. 3 og fekk brinsemadlje i D13-14.
I D15-16 prøvde Runa Odden seg for første gong i rein A-løype. Ho klarte seg godt, og hadde god kontroll på postane. Men også ho fekk ein bom mot slutten av løypa. I mål var ho godt nøgd likevel, og fekk ein flott bronse-medalje som ho skal gå med i heile sommar Wink

Jostein Hindenes hadde ikkje heilt dagen, men var ikkje langt bak medaljeplass. Åshild Hindenes deltok i sitt første KM i orientering, og blei nr. 2 i klassen D11-12. Ho var lievel ikkje heilt nøgd, sidan ho hadde bomma på ein post ute i løypa.
Me må òg nemne den unge og spreke småbarnsmora Marit Eikeland. Ho blei nr 2 i klassen B-open, og var beste kvinne i klassen.

Storeslem for Suldals-løparen Magnar Nerheim i KM-helga – KM-gull på Langdistansen i Sauda på lørdagenMagnar_Nerheim_i_fint_driv_i_skogen._Han_hadde_ei_god_helg_med_KM-gull_i_Sauda_p_Lrdag_i_H70_og_vinnar_ogs_p_sndagen
Veteranen vår, Magnar Nerheim gjorde eit strålande løp på lørdagens KM-langdistanse. På denne distansen er det fleire KM-klassar enn på Mellomdistanse, så Magnar blei dermed kretsmeister i H70, berre 6 sekund føre nestemann i løypa denne dagen. På Markosvatnet gjorde han nok eit kjempe-løp og var suveren i klassen på Markosvatnet. Han var nesten 10 minutt før nestemann.

 

Ta også ein kikk på Fotoalbumet frå KM-Mellomdistanse 2015. Her ligg det over 100 bilder. Kanskje ett av deg?

 

Førehandsfavorittane innfridde i D og H 17 klassane -samt fleire bilder frå dagen -les meir

I dameklassen var det igjen medaljegrossisten og veteranen Aud Hognestad Taksdal som vann. Men no nærmar junior-jentene frå Sandnes IL seg. nr. 2 i klassen blei Vilde Malmei, og tett bak fulgte Helene Omdal på 3. plass

I H17 var det tett, og sigeren i løypa gjekk til den utflytta Rogalendingen og no NTNUI løparen, Simen Åmodt. Han var drygt 40 sekund føre KM-vinnar Ørjan Ravndal frå Ålgård Orientering. 3. plassen gjekk til ein eks Sauda-løpar; Glenn Tore Løland. Han var berre 25 sekund bak 2. plassen. Men også han spring no for NTNUI. Dermed gjekk sølvet til Ola Magnus Laugaland frå Ålgård O. Veteranen Arild Åsheim frå Ganddal IL tok bronsen, og vart nr 5 i klassen.

Under finn du bilder og tekst frå resultater og anna for KM Mellomdistanse

DSC04333 DSC04334
Flott samlingsplass på KM Mello i Suldal ved Markosvatnet Med badeplass !
Frste_lpar_er_klar__-_ei_jente_i_fr_lgrd_Orientering Ingrid_Helena_Rine_og_Sander_i_fint_driv_ut_fr_start_Suldal_o-lagslparar
Første løper ut på KM Mellom. Ei Ålgård Orientering jente! Suldals-løparane Ingrid Helena Havrevoll, Rine Fermann Jordebrekk og Sander Havrevoll tar ut i N-open på jakt etter 1. posten
Torill_Telstad_gir_gode_rd_om_lpet_fr_start_til_Suldal_O-lagslparane DSC04326
Torill Telstad gir O-løparane frå Suldal O-lag gode råd før start! Sånn gjer me det!   Magnar teiknar og fortel om korleis starten skal foregå
O-sporten_er_for_alle_aldre_Her_er_Albert_Nrheim_klar_p_start_han_er_snart_80._Eldste_lpar_denne_dagen_var_86._Yngste_var_3_r DSC_0074
O-veteranen Albert Nærheim frå Suldal O-lag var ikkje eldst denne gongen. Eldste løpar var over 80! Åshild Hindenes klar på start for sitt første KM i orientering i D11-12.
Ella_Tjstheim_studerar_lypa_fr_start_med_mor_Turi_Ottersland_Tjstheim DSC_0067
Ella Tjøstheim frå Suldal gjennomgår løypa, med mor Turi Ottersland Tjøstheim før start i sitt første KM Frå samlingsplassen
Jone_Odden_p_veg_ut_fr_start_mot_frste_post DSC_0110
Jone Odden i djup konsentrasjon og god fart mot 1.posten Ingjerd Hindenes frå Suldal O-lag på veg mot mål
Bading_etter_lpet_i_smkaldt_vatn_hyrer_med_p_O-lp_Her_er_Jone_Odden_og_Jostein_Hindenes Runa_Odden_i_fint_driv_mot_mlposten

Bading i småkaldt vatn høyrer sjølvsagt med etter O-løp!! Her er Jone og Jostein i aksjon.

Runa Odden i lange kliv mot mål 🙂
Ella_Tjstheim_forngd_med_premie_p_KM_i_N-open shild_Hindenes_blei_nr_2_i_klassen_D11-12
Ella er godt nøgd med løpet og premien! Åshild Hindenes i klubbdrakta vår spring lett over myra til siste posten!!
Jone_Odden_i_fint_driv_mot_siste_post._Detheldt_til_slv Medaljevinnarar_i_D13-14_Ingjerd_Hindenes_nr_3_fr_venstre_tok_bronse
Jone har funne siste posten!! Medaljevinnarane i D13-14 Ingjerd Hindenes frå Suldal O-lag tok bronse 🙂
Medlajevinnarane_i_D15-16_Runa_Odden_nr_3 Medljaevinnarane_i_H13-14_Jone_odden_til_venstre_nr_2
Medaljevinnarane i D15-16. Runa Odden frå Suldal O-lag tok bronse 🙂 Medaljevinnarane i H13-14. Jone Odden frå Suldal O-lag tok sølvet 🙂
Medaljevinnarar_i_D17_med_veteranen_Aud_Hognestad_Taksdal_p_topp_foran_juniorane_Vilde_Malmei_og_Helene_Omdal H17_medaljevinnarar_2_og_4_i_klassen

KM-medaljørane i D17.
Nr. 1 Aud Hognestad Taksdal, Ganddal IL
Nr. 2 Vilde Malmei, Sandnes IL
Nr. 3 Helene Omdal, Sandnes IL

KM Medaljørane i H17.
Nr. 1 Ørjan Ravndal, Ålgård Orientering
Nr. 2 Simen Åmodt, Ålgård Orientering
Nr. 3 Arild Åsheim, Ganddal IL (ikkje til stede på bildet)

Legg att eit svar