ÅRSMØTE I SULDAL O-LAG

DSC03582ÅRSMØTE I SULDAL O-LAG

Onsdag 4. februar var det årsmøte i O-laget.

Styret i 2015 ser slik ut:

Leiar: Odd Rune Malerbakken (ny)
Nestleiar: Jan Erik Kristensen
Skrivar: Siri Helstrup
Kasserar: Michael Willig
Styremedlem: Sidsel Økstra (ny)
Oppmann: Magnar Nerheim
Varamedlem: Arne Hilde

Komitear:

Turorienteringsnemd: Egil Fugleberg, Bibbi Krobath Olesen  og Arne Hilde
Trenings- og rekrutteringsnemd: Jan Erik Kristensen og Jon Nærheim
Husnemd: Torbjørn Lillehammer og Jon Nærheim
Materialforvaltar: Magnar Nerheim
Kartansvarleg: Albert Nærheim
Dataansvarleg: Michael Willig
Revisorar: Gyrid Bakka og Svein Losnegård
Valnemd: Johannes Bjørke og Reidar Blesvik

Kort om året som gjekk:

Det har vore eit nytt år med høg aktivitet. Laget har hatt ei auke i medlemstalet på 49%, og har nå 100 medlemmer.

Vi har hatt 8 vinterkarusellar og 13 sommarkarusellar, familie- og vennestafett, medlemsmøte, klubbmeisterskap, o-kurs og skulearrangement på Sand skule og Vinjar skule. Vidare har det vore romjulsmarsjen, i godt samarbeid med Sand sanitetsforening, og med stor deltaking.

Turoreientering sommar og vinter har og vore på programmet. Det er trukke ut premiar blant deltakarane på turorienteringa – for vintersesongen gjekk premiane til Tone Granli, Markus Granli og Hannah Granli. Dei heldige etter sommarsesongen var Ruth Herabakka, Ole Ragnar Helland, Torbjørg Skretting Olimstad og Egil Fugleberg.

Årsmeldinga, og mykje anna informasjon om laget sine tilbod og aktivitetar, kan du finne på heimesidene. Her finn du også resultatlister.

Årsmeldinga for 2014 finn du no her: Årsmelding 2014-korrigert

Årsmøtererferatet finn du her: Årsmøtereferat 4 februar 2015

Suldal O-lag vil halde fram med eit variert tilbod gjennom det nye året, og ønskjer medlemer og andre interesserte velkomne på arrangementa.

Reidar Blesvik

Avtroppande leiar

Legg att eit svar