Klart for 7. Sommar-karusellen – Obs-flytta

 

Det vart for vanskeleg å laga gode løyper for dei yngste oppe ved Heiavatnet. Derfor vert løpet flytta til innerst i Breiastølsvatnet. Der skal me prøva oss på 2 kart: Gullingen og Ørekvam – det nye kartet frå 2014. Alle løypene vil nytta begge karta.O-jentene_er_klare_til_dyst

Det vert 4 løyper som vanleg:

Lang: 4,1 km (13 postar). Målestokk: 1:7.500.

Mellom: 2,5 km (7 postar). Målestokk: 1: 5.000.

Kort: 1,5 km (8 postar). Målestokk: 1: 5.000.

Nybegynnar: 1,3 km (6 postar). Målestokk: 1: 5.000.

Elles vil alle løypene ha ein felles første post som ein kan sjå frå start. Dette for at ein ikkje så lett kan sjå kor det blir av dei som startar først!

Då håpar me å sjå deg i bjørkeskogen og på myrane i Breiastølsdalen førstkomande onsdag.

Legg att eit svar