Innbyding til Vestlandsmeisterkapen på Stord

DSC00192_copyDet byrjar å bli ei stund sidan dette KM,et i Sauda, der Suldal O-lag stilte med mange O-løparar, spesielt i dei unge årsklassane.

I haust er det mogleg å få med seg fleire kretsløp.

Førstkomande helg; 22.-24 auguast er det klart for VESTLANDSMEISTERSKAPEN I ORIENTERING. Her kan ein få med seg 3 løp.

Fredag: Nostalgiløp ala 50 talet

Lørdag: Individuelt meisterskap

Søndag: Stafett, men òg individuelle NY-løyper.

For Suldal sine løparar er det nok laurdagen som er mest aktuell. Som vanleg reiser i alle fall Magnar og Albert på løp, men kanskje er det andre òg som vil prøve seg.? Meld deg på til Magnar på komande Onsdagsløpet. Det er for øvrig flytta frå Heiavatnet til Breiastøldalen. Meir om dette kjem snart.

Innbyding til Vestlandsmeisterkapen finn du her: http://eventor.orientering.no/Documents/Event/5164/1/Innbydelse

Legg att eit svar