Gode resultat på kretsløpet Odda 2-dagars

115

Søndag den 19. august reiste 4 gonger Nerheims og 3 gonger Mathiesens til Seljestad skistadion, på det 2. løpet i Odda 2-dagars.

Det har ikkje klaffa heilt med å få andre med på kretsløp i år, enn veteranane Magnar og storebror Albert. Og også denne helga var det kollisjon, der fedre og mødre på Suldalsosen i alle aldre spelte Grendacup-fotball. Så det var ein Sands-delegasjon som forsvarte Suldal O-lag sine klubbfargar.

062

Og, resultatmessig viste Suldalsløparane godt igjen på listene.
Tobias Mathiesen sprang inn til ein sterk 2. plass i klassen H11-12Ny, medan Vebjørn Nerheim vann klassa H13-16 C.

Her er dei på veg til start.

Fullstendig resultaliste  frå dette løpet finn du her.

 

111

I klassen H17AK var det stor deltaking. Her slo Stig Morten til med ein sterk 2. plass, under eit minutt bak seieren. Det er tydeleg at haustformen, både på det O-tekniske og løpsmessig er i rute!

Erik plasserte seg godt over midten på resultatlista, og hadde nok hatt ein bom eller 2 etter tida å dømme. Han kjem sterkare igjen..

Ane og Mathilde var òg med, som lagleiarar og fotografer, denne gongen. 045

Legg att eit svar