Referat frå årsmøtet

DSC00274Onsdag 25. januar var det tid for årsmøte i O-laget. Det gamle styret held fram så nær som Kari Myklebust,
som takkar for seg etter mange år som nestleiar.

Eit godt og travelt år

Laget kan sjå tilbake på endå eit travelt år. Det er gjennomført 10 vinterkarusellar og 13 sommarkarusellar, familie- og vennestafettar, medlemsmøte, klubbmeisterskap og o-kurs. O-dagen for ungdomsskulen, med 150 deltakarar, var eit populært arrangement. Elles kan laget vere stolte av eit vellukka kretsløp på det nye kartet ved Sandsaosen. Så må ein ikkje gløyme den populere romjulsmarsjen, som hadde god deltaking. Og lista kan gjerast lengre: Grillkveld ved Mosvatnet, Turoreientering sommar og vinter, Zporty-festival og dugnader.

Ei gledeleg utvikling i 2011 var at veteranane Magnar Nerheim og Albert Nærheim fekk selskap frå ein del av dei andre medlemene i laget i deltakinga på utanbygds løp. Her har det vore mange gode plasseringar i året som gjekk, og spesielt har dei yngste løparane hevda seg godt.

Heile årsmeldinga, og mykje anna informasjon om laget sine tilbod og aktivitetar, finn du nederst i artikkelen. Her finn du også resultatlister.

Suldal O-lag går no inn i eit nytt år med mål om å oppretthalde eit godt og variert tilbod til alle som likar å vere ute i skog og mark med kart og kompass.

Det nye styret og årsmelding finn du under.

 

Styret i 2012 har følgjande samansetning: Leiar: Reidar Blesvik Nestleiar: Jan Erik Kristensen Skrivar: Siri Helstrup Kasserar: Michael Willig Oppmann: Magnar Nerheim Varamedlem: Arne Hilde Turorienteringsnemd: Egil Fugleberg og Bibbi Krobath Olesen Trenings- og rekrutteringsnemd: Jan Erik Kristensen, Jon Nærheim og Turi O. Tjøstheim Husnemd: Tore Kjeld Ståland og Torbjørn Lillehammer Materialforvaltar: Magnar Nerheim Kartansvarleg: Albert Nærheim Dataansvarleg: Michael Willig Revisor: Gyrid Bakka Valnemd: Johannes Bjørke og Torbjørg S. Olimstad

Styret har laga ei årsmelding der dei viktigaste aktivitetane i 2011 er omtala. Denne finn du her.

Legg att eit svar