Reidar Blesvik ny leiar i Suldal O-lag

P9010056På årsmøtet i Suldal O-lag onsdag 26. januar vart Reidar Blesvik vald til ny leiar etter Ingvar Olimstad som sa takk for seg. Ny i styret er Siri Helstrup. Elles held det gamle styret fram med nestleiar Kari Myklebust, kasserar Michael Willig, skrivar Jan Erik Kristensen, oppmann Magnar Nerheim og varamedlem Arne Hilde.

 

 

Referat frå årsmøtet doc finn du her .

Årsmøtepapira doc finn du her. 

 

 

 

 

 

Resymè frå årsmøtet, trykk – les meir

 

Turorienteringsnemnd: Egil Fugleberg og Bibbi Krobath Olesen

Trening og rekrutteringsnemnd: Jan Erik Kristensen, Jon Nærheim og Turid Tjøstheim.

Husnemnd: Tore Kjeld Ståland og Torbjørn Lillehammer.

Materialforvaltar: Magnar Nerheim.

Kartansvarleg: Albert Nærheim.

Dataansvarleg: Michael Willig.

Revisor: Gyrid Bakka.

Valnemnd: Johannes Bjørke og Torbjørg Skretting Olimstad.

 

Årsmeldinga syner at laget har hatt eit godt år. Medlemstalet har auka til 88 (78 i 2009). Mest gledeleg er det at fleire unge har kome med. 34 av medlemene er under 20 år. 4 av desse var med på ei helgesamling i Haugesund for unge orienteringsløparar frå Rogaland.

Sommarkarusellen, som gjekk over 13 løp, hadde 63 deltakarar, og vinterkarusellen med 9 løp hadde og god deltaking på fleire av løpa.

Elles arrangerte laget to o-kurs, klubbmeisterskap, o-løp for vidaregåande skule, familie-/vennestafettar, sommarmoro ved Mosvatnet jonskaftan, medlemsmøte og miljøkveldar, romjulsmarsj og dugnad på klubbhuset.

På løp utanbygds er det særle brørne Albert og Magnar som har hevda seg i veteranklassane (Albert Nærheim vann rogalandsrankinga for sin klasse), men med den gode framgangen som dei unge syner, er det god von om at også dei vil syna godt att i sesongen som kjem. I september skal Suldal O-lag skipa til kretsløp.

Turorienteringa både vinter og sommar har vore svært populær, og laget har hausta mange lovord for det store arbeidet som er lagt ned der.

Det er arbeidt med nytt kart for området kring Sandsaosen. Kartansvarleg Albert Nærheim kunne leggja fram prøvetrykk av dette på årsmøtet. Det ser ut til å bli eit godt orienteringskart, og vonleg vil det vera ferdig til sommaren.

Rekneskapen syner at laget har trygg økonomi og handlingsrom til å satsa særleg på dei unge.

 

 

Legg att eit svar