Haustsesongen er like om hjørnet

DSC05977Neste veke byrjar haustsesongen i årets Sommar- karusell. Det er Stig Morten som er arrangør. Løypene leggjast på Stegåsen på Sand. Parkering skjer normalt ved Randåsen barnehage. Start frå kl. 18.00.

Vel møtt til nye utfordringar i O-løypa. Her er løyper for alle, og ein kan òg velgje å gå løypene i trimklassar.

Treng du hjelp til å koma i gong med orientering? Møt opp onsdag den 18. august, så får du tips og innføring i orientering av ein av løparane i O-laget.

Terminlista for hausten finn du her. 

Me sjåast på O-løp i haust!

Legg att eit svar