Dugnad på klubbhuset

klubbhuset anno 2010I løpet av juni ønskjer me å mala/pussa opp klubbhuset vårt. Husnemnda Reidar Blesvik og Tore Kjeld Ståland kallar inn til dugnad.
Slik ser klubbhuset ut i dag.
Det skulle vore beisa i fjor, men veret blei for dårleg.

Klubbhuset ligg bakom Suldal kommune sine kontor på Garaneset. Det er i dag mest brukt til lager for materiell. Og så har styret i O-laget sine møter her.

Styret ser for seg å male luka oppe i gavlen som ein o-post. Under kjem eit skilt med namnet på klubben vår.

 

Har du andre forslag, kom gjerne med dei til husnemnda.

 

Legg att eit svar