Synspunkt / plan for ny nettside

Hei

Nettsida nærmar seg noko, men ennå er det vel ein veg å gå.

 

Når eg i helga jobba med dette såg eg mange ”hull” i infoformasjonen som blir gitt. Det gjer eg som ein spørjande utanfrå O-miljøet (med eit kritisk blikk).

Eg meiner følgjande meny kan danna eit utgangspunkt for den nye nettsida.

 

Framsida

(Aktivitet)

    1. Terminliste
    2. Resultat
    3. Trening (kva, kor…)
    4. Kurs
    5. Tur- og skiorientering
    6. Miljøsamlig
    7. Galleri

(Organisasjon)

    1. Om laget (medlemmene, historie, aktivitet)
    2. Årsmelding
    3. Kontakt oss / styre

                  11. Lenker

 

For punkt 1, 4, 5 og 6 bør det vere ein innleiande kort tekst (som alltid står øvst) som fortel kva dette er. T.d. bør det under under ”Tur- og skiorientering” stå noko om kva O-laget pleier å gjere omkring dette, skiorienteringa er gratis, familievennleg osb. Under kjem nyheitene som: ”Skiorienteringa på Gullingen er klar”, ”50 fullførte skiorienteringa” osb.

Framsida + punkt 1,2,4,5 og 6 bør ha bloggoppsett (nye artiklar først). Dei andre bør ha artikkeloppsett (direkte til ein artikkel/liste/lenker). Galleri er ei samling bilde (som på den gamle nettsida) frå løp, samlingar osb.

 Om dette er ei mogleg løysing kunne me i praksis hatt aktivitetsmenyen i venstre marg (som no). Organisasjonsmenyen kan ligge vassrett over den svarte linja i headingen. Malen gir rom for dette.

Lenke til gamal nettside (som ikkje må slettast) må og komme tydeleg fram.

 

Andre ting:

–        Nynorsk språkpakken for Joomla må inn

–        Komponent som tek komprimering av bilde automatisk ved innlegging.

–        Komponent som gjer det greitt å leggje inn dokument og lenke til dette

–        Gallerikomponent

–        Sjekke/legge inn  muligheit for melding på mail ved oppdatering

–        Lage fleire headingbilde som rullerer

–        Legge inn figurar og bilde i mediebanken (som t.d. ”Vilt , vakkert og rått”), hugs jussen….

–        Skal det inn ein oversikt over sponsorar?

–        Om Grasrotandelen

 

Feil:

Favicon viser no på Explorer, men ikkje på Firefox. Har ikkje sjekka andre.

 

Synspunkt???

Evt. fordeling.

 

Mvh

Jarle

Legg att eit svar