Vinterferien for Rogaland startar komande fredag 26. februar, og tradisjonen tro har Suldal O-lag også i år eit gratis tilbod om Tur-Ski-Orientering i Gullingen-området for alle som ønskjer å prøve dette.
I år ligg det ute 40 poster, fordelt på karta:
– Gullingen, med 22 postar,
– og for første gong på Hedlebrekk, med 18 postar.
Postane ligg ute til søndag 25. april. På begge karta er alle skiløypene til Gull-Spor innteikna.
Nær rekord-deltaking på Julemarsjen
142 deltakarar stilte til julemarsj i år tross vind, regn og slaps. Grunna Korona blei både nisse og quiz droppa, og det var det mange som sakna. Julemarsjen gjekk frå Sanitetshuset som vanleg. Desverre måtte også samlinga etter marsjen, med gløgg og pepperkakar etterpå, sløyfast i år. O-laget fikk likevel låne huset, og me rigga oss til med registrering i inngangspartiet. Ein frå kvar gruppe fekk kome inn for å registrere deltakarar og få kart. Så la både store og så i veg, på leit etter 13 O-postar, med kartet i handa.

Super deltaking på 4. Vinter-Karusell
Onsdag den 2. desember arrangerte Suldal O-lag den 4. Vinter-O-karusellen for året. Dette var det siste O-løpet i 2020, og deltakinga var enormt bra. Vêret var perfekt for ei kveldsøkt med kartet i handa, med opphaldsvêr og passe mildt. Det er ekstra gledeleg at akkurat halvparten av deltakarane er born og unge under 16 år. Deltakinga i årets Vinter-Karusell har så langt satt rekord, i løp etter løp, der toppen blei nådd denne gongen med 36 deltakarar.
Hald fram med å lese «Super deltaking på 4. Vinter-Karusell»Super deltaking på 3- Vinter-Karusellen
Onsdag den 25. november var det klart for den 3 av i alt 6 Vinter-O-Karuseller for vinter-sesongen til Suldal O-lag. Vêret var perfekt med opphald og 6-8 varmegrader, og mange deltakarar møtte fram. Michael Willig var arrangør for kvelden, og dei 3 løypene blei flittig brukt. Totalt vadet 33 deltakarar. Nokon er telt 2 gonger då dei sprang to løyper
Hald fram med å lese «Super deltaking på 3- Vinter-Karusellen»Øs – pøsregn på Nesflaten
Den 2. Vinter-Karusellen på Nesflaten blei avholdt onsdag 18. november. Det blei ein frykteleg blaut affære, og monster-regnet må nok ta mykje av skulda for at det berre blei 6 deltakarar som stilte denne kvelden. Og det vart verkeleg vått denne kvelden. På Gullingen skisenter falt det 103 mm med regn det døgeret, og det var verst på onsdags kvelden…
Hald fram med å lese «Øs – pøsregn på Nesflaten»